Frist: 14. sep.

Nettavisa Porten.no søkjer journalist — fast 100 %

Stillingen er satt passiv.

Finn ledige stillinger.

Er du språksikker, produktiv og idérik, ynskjer me deg til å vere med og byggje Noregs beste heildigitale lokalavis.

Du blir ein del av eit ungt og engasjert arbeidsmiljø som jobbar med å bygge opp Porten.no, ei fersk nettavis med solid vekst. Stillinga gir deg ein sjeldan sjanse til å vere med og utvikle nettstaden vidare. Hjå oss er det kort veg mellom idé og gjennomføring, anten det gjeld tankar om journalistisk innhald, tekniske løysingar eller nye konsept.


Me ser etter deg som...

  • brenn for dei gode historiene og ser nyheitspoeng i kvardagslege hendingar
  • er eit konkurransemenneske, som får kick av å publisere to minutt før konkurrenten
  • ikkje kan høyre ei sirene utan å kjenne deg tvinga til å finne ut kva som har skjedd
  • alltid har kameraet i passasjersetet, i tilfelle det skulle dukke opp noko som kan vere ei sak
  • vel kreative vinklingar som skil seg ut
  • bryr deg om språket, likar å eksperimentere og skriv kjapt og godt
  • har mange idear og kan skrive med snert om saka treng det


Krava er at du skriv godt og er motivert. Evne og iver til å tileigne deg relevant kunnskap når det må til, er viktig. Elles er det eit pluss om du har erfaring med lokaljournalistikk, video, sosiale media eller annan digital formidling. Du treng ikkje å ha journalistisk utdanning. Bakgrunn innan økonomi, politikk eller heilt andre område, kan vere vel så bra.

Arbeidsdagen din blir i hovudsak konsentrert rundt Årdal og Lærdal, men du må rekne med reportasjeturar andre stader når det naudsynt. Du vil skrive om både næringsliv, sport, kultur og politikk, samt andre interessante område som måtte dukke opp.

Kontoret er i Øvre Årdal, plassert i smørauget av fantastiske naturmoglegheiter. Rett plass om du likar toppturar og pudder, kajakkpadling, fjellklatring, elvefiske eller luftsport.

Me tilbyr:

  • sjeldan moglegheit i fersk, heildigital lokalavis i vekst
  • kontor plassert i ei naturperle
  • konkurransedyktig lønn

 

For meir informasjon om stillinga, kontakt:

  • redaktør Truls Grane Sylvarnes på 954 79 606 eller ts@porten.no.

Send oss søknad og kortfatta CV innan 14. september. Gjerne også arbeidsprøve om du har.

Send søknad på e-post
Til toppen