Frist: 11. okt.

NRK Møre og Romsdal søkjer digital journalist

NRK Møre og Romsdal søkjer etter ein digital journalist med arbeidsleiarerfaring til redaksjonen i Ålesund.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra i det daglege nyheitsarbeidet som arbeidsleiar
  • Coache reporterar fram til ferdig produkt
  • Finne og lage nettsaker frå Møre og Romsdal og presentere dei for eit nasjonalt publikum
  • Jobbe fram eigne nyheitssaker på alle plattformer
  • Stillinga inneber arbeid i turnus med kveld- og helgevakter

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå arbeidsleiing frå ein nyheitsredaksjon
  • Dokumentert digital kompetanse
  • Godt utvikla nyheitsteft og nyheitsinteresse
  • Høgt etisk medvit
  • Sikkert språk og god formidlingevne
  • Kjennskap til kva som skal til for at ein reportasje blir lest/høyrt og delt
  • Søkjaren må ha sertifikat

Vi tilbyr

  • Ein spennande jobb i eit interessant dekningsområde
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Reportasjearbeid for regionale og nasjonale flater
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø
  • NRK Møre og Romsdal flyttar inn i moderne lokale i sentrum av Ålesund våren 2021

Kontaktinformasjon:

  • Janne Brit Aasen - Nyheitssjef, mobil: 996 41 676
  • Charlotte Ervik - Distriktsredaktør, mobil: 996 42 362

Søknadsfrist: 11. oktober

Gå til søknadsskjema
Til toppen