Frist: 24. mai

NRK Møre og Romsdal søkjer journalist til fast stilling i Molde

Stillingen er satt passiv.

Finn ledige stillinger.

Vi søkjer deg som er opptatt av dagsordensetjande journalistikk, har godt språk og høgt etisk medvit. Du må ha solid digital kompetanse og dokumenterte resultat innan nettjournalistikk.

NRK Møre og Romsdal har ledig ei fast stilling som journalist. Stillinga er lagt til redaksjonen i Molde og er ledig frå 1. august

Arbeidsoppgaver

  • Jobbe fram eigenjournalistikk og presentere dette på fleire plattformer, men med hovudvekt på det digitale
  • Produsere lokale nyheitssaker som også treff eit nasjonalt publikum

Stillinga inngår i redaksjonen sin fleirmedielle turnus med arbeid morgon, kveld og helg. 

Kvalifikasjoner

  • Solid journalistisk erfaring med særleg vekt på digitalkompetanse
  • God språkføring, muntleg og skriftleg
  • Eige kjeldenettverk
  • Høgt etisk medvit
  • Du må ha førarkort

Vi tilbyr

Interessante og varierte arbeidsoppgåver i eit spennande dekningsområde. 

Kontaktinfo:

  • Janne Brit Aasen, redaksjonssjef, telefon: 99641676
  • Kjell E. Myklebust, redaksjonssjef, telefon: 97090780

Søknadsfrist 24. mai

Gå til søknadsskjema
Til toppen