Frist: 4. okt.

NRK Sport søkjer vintervikarar

Vi treng påfyll av journalistvikarar som har blikk for både den gode, varme sportshistoria og den oppsiktsvekkande nyheita. Du må ha gode evner til, og eit intenst sug etter, å formidle historiene til eit stadig meir kresent publikum.

Denne vinteren ser ut til å bli ein av dei mest hektiske og spennande NRK-vintrane på mange år. Vi skal formidle fire verdsmeisterskap i tillegg til verdscupane. Når vi sender dei dyktige, faste medarbeidarane våre ut i verda for å servere ekstatiske øyeblikk til publikum, må vi erstatte dei faste for å styrke heimedeskane på alle plattformer.

Periode: 09.11.2020 - 29.03.2021. Nokre startar rundt nyttår, fordi vi treng ikkje full styrke gjennom heile perioden.

NRK Sport er størst på direktesendt sport i Norge. Vi formidlar ca.1300 timar sport direkte i året. Vi har daglege nyheits-og magasinsendingar og satsar meir og meir på nett, mobil og sosiale medier.

NRK skal spegle mangfaldet i det norske samfunnet. Har du fleirkulturell kompetanse, eller nyttar nynorsk, er du difor ein interessant søkjar fordi NRK ønsker å styrke seg på desse områda.

Arbeidsoppgåver

Vi skal rekruttere journalistar som skal arbeide på ulike plattformer, og gjerne pendle mellom dei. 

Arbeidet vil gå føre seg på:

  • Nettdesken, som hurtig formidlar siste nytt på nrk.no , men som i tillegg alltid har meir omfattande satsingar på gang.
  • SoMe-desken, der den viktigaste oppgåva er å produsere og publisere innhald til Instagram og Facebook-kontoane, som blir ein stadig viktigare arena. 
  • TV-og radio-desken, som produserer til ulike nyheitssendingar og til lengre sendeflater.

Vi treng òg journalistar med erfaring som redaksjonelle arbeidsleiarar for å kunne steppe inn som vaktsjef når det er behov for det.

Det er fint om søkjarane spesifiserer spisskompetansen sin.

Kvalifikasjonar

  • Du må ha dokumentert journalistisk erfaring frå internett og/eller TV og radio. 
  • Du må ha dokumentasjon på utdanning innan journalistikk eller informasjonfaget frå universitet eller høgskule.
  • Du må kunne bruke og lett tilegne deg teknologien og verktøya som er i bruk i ei moderne mediebedrift. 

Personlege eigenskapar

  • Du må vere lidenskapleg interessert i, og ha kunnskap om, sport.
  • Du må vere ein god historieforteljar og ha eit godt munnleg og skriftleg språk.
  • Du må vise engasjement, energi og initiativ og vere i stand til å jobbe fram eigne saker.
  • Du må ha ha nyheitsteft og kunne jobbe raskt under tidspress.
  • Du må beherske NRK sine publiseringssystem.
  • Du må vere innstilt på å jobbe på ulike plattformer.

    Vi tilbyr
  • Spennande og aktive månader i Norges største sportsredaksjon. 
  • Eit pulserande og godt arbeidsmiljø med mykje kunnskap.
  • Høgt tempo og godt humør.
  • Grunnleggande innføring i bruk av dataverktøy

Løn blir fastsett etter gjeldande tariffavtalar.NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.

Kontaktinformasjon: 

  • Geirmund Henjum - Redaksjonsleiar, mobil: 974 03 861
  • Marie Walsøe - Redaksjonsleder, SoMe-kontakt, mobil: 977 13 071

Søknadsfrist 4. oktober

Gå til søknadsskjema
Til toppen