Frist: 30. nov.
(Thomas Brun)

Nynorsk pressekontor søkjer ansvarleg redaktør / dagleg leiar

Vi leitar etter ein person som er samfunnsengasjert, har teft for nyheiter og ekte interesse for alle delar av landet.

Sjefredaktøren vår gjennom ti år, Karoline Riise Kristiansen, blir språksjef i NRK. Vi søkjer derfor ny ansvarleg redaktør/dagleg leiar.


Ansvar og arbeidsoppgåver:

  • å leie det daglege redaksjonelle arbeidet i NPK, i nær kontakt med NTB-redaksjonen
  • utvikling av organisasjon og medarbeidarar, inkludert ordinært personalansvar for dei tilsette i NPK
  • kontakt med eksisterande og moglege kundar, i dette arbeidet må du rekne med ein del reising
  • styring av inntekter og kostnader i NPK-organisasjonen
  • utvikling av nye tilbod og forretningsområde i tråd med føremålet til stiftinga og i samarbeid med NTB. Eit prosjekt som for tida er under arbeid er eit digitalt
    verktøy for automatisk omsetjing frå bokmål til nynorsk basert på kunstig
    intelligens - «nynorskroboten».
  • sekretærfunksjonen for styret i Stiftinga Nynorsk pressekontor. Det er
    stiftarorganisasjonane Noregs Mållag, Kringkastingsringen og Noregs
    Ungdomslag som peikar ut medlemmene i styret. I tillegg er dei tilsette
    representerte.


Kva slags redaktør vil vi ha?

Vi leitar etter ein person som er

  • stø i nynorsk og glad i å skrive språket
  • har solid erfaring i å gjere redaksjonelle val og vurderingar, og i etisk og kritisk tenking
  • er samfunnsengasjert, har teft for nyheiter og ekte interesse for alle delar av landet
  • liker å samarbeide med andre og oppnå resultat i lag
  • har spenstige idear og gjerne vil prøve ut nye ting, både redaksjonelt og kommersielt
  • har ei trygg hand om organisasjon og økonomi
  • følgjer medieutviklinga nøye, held seg oppdatert på ny teknologi og er ein pådrivar for å ta han i bruk der det er tenleg.


Har du spørsmål om stillinga?

Ta kontakt med styreleiar i Stiftinga Nynorsk pressekontor Tom Hetland (tlf. 911 87 478)
eller sjefredaktør og administrerande direktør i NTB Mads Yngve Storvik (tlf. 900 45 079)

Send søknad og CV her
Søknadsfrist: 30. november 2019

Gå til søknadsskjema
Til toppen