Frist: 14. nov.

Politidirektoratet søker senior kommunikasjonsrådgjevar med redaktøransvar

Stillingen er satt passiv.

Finn ledige stillinger.

Er du samfunnsengasjert og har erfaring med å vurdere kva som godt stoff eller ikkje, i ulike kanalar?

Politiet er i gang med omfattane endringar for å kunne handtere kriminalitetsutviklinga, og god kommunikasjon er viktig i dette arbeidet. Vi søkjer deg som vil bidra til å opplyse samfunnet om politiets arbeid gjennom tydeleg kommunikasjon i media og våre digitale kanalar. Du får jobbe med spanande oppgåver i ein etat som betyr mykje for samfunnsutviklinga, i eit solid fagmiljø og stort nettverk.

Vi søkjer ein engasjert og dyktig kommunikasjonsrådgjevar, som kan formidle gjennom tekst, film og foto, og har erfaring med redaksjonelt arbeid. I denne stillinga vil du få ansvar for å vurdere kva som skal vere interne og eksterne nyheiter og historier, og sikre at aktuelle kanalane blir brukt på ein optimal måte. Politiet brukar sosiale medier aktivt, og du må ha erfaring med å bruke det som kanal.

Du tenkjer stort, motiverar og har erfaring med å leie team, og leverer kvalitetsinnhold innan avtalte fristar. Du jobbar strategisk og er ein stødig rådgjevar, samstundes som du likar operativt arbeid som tekst- og videoproduksjon- og deskingoppgåver. Du handterer ein hektisk arbeidssituasjon med mange saker på ein gong. Du kan å jobbe med publiseringsverktøy, du har ein god penn, kan foto godt, er tolmodig og sørvisinnstilt. I tillegg har du svært gode samarbeidsevner, og du er ein stødig prosjektleiar.

Kommunikasjonsstaben i Politidirektoratet har ansvar for intern og ekstern kommunikasjon i politi- og lensmannsetaten, og eit strategisk ansvar for å vidareutvikle og følge opp kommunikasjon som verkemiddel. Kommunikasjonsstaben er delt inn i to seksjonar; kommunikasjonsseksjonen og medieseksjonen. Medieseksjonen jobbar i hovudsak med innhaldsproduksjon og redaksjonsarbeid, rådgjeving og medie- og krisehåndtering. Den aktuelle stillinga vil inngå i medieseksjonen. Stillinga vil også, ved behov og i periodar, omfatte ulike mediehåndteringsoppgåver og inngår i ei pressevaktordning i turnus.


Arbeidsoppgaver

  • Hovudoppgåva er å vere ansvarlig redaktør for nyheiter i våre digitale kanaler
  • Produksjon av innhold
  • Mediehandtering, medieovervaking og medieanalyse
  • Rådgjevar for leiinga i direktoratet
  • Krisehandtering
  • Andre oppgåver som kommunikasjonsstaben har ansvar for


Kvalifikasjoner

  • Høgare utdanning innan medie-/kommunikasjonsfag. Særleg relevant praksis kan vege opp for dette
  • Minimum fem års erfaring med medie-/kommunikasjonsarbeid
  • Svært god kunnskap om norsk samfunnsliv og forvaltning – skal kunne sjå norsk politi i eit samfunnsperspektiv
  • Brei erfaring frå kommunikasjonsfagleg arbeid og/eller journalistikk
  • God kunnskap om sosiale medier
  • Redaktørerfaring er ynskjeleg

Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) blir innhenta ved ev. tilsetting, jf. politilova § 18 og politiregisterlova § 41. Vedkomande som blir tilsett må kunne sikkerheitsklarerast til hemmeleg.


Personlige egenskaper

  • Gode samarbeidsevner, godt humør og sjølvstendig
  • Svært god vurderingsevne
  • Svært god til å skrive
  • Erfaring med prosjektleiing
  • Det vil i stillinga bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar


Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme utviklinga av politiet.
  • Stillinga blir lønna som seniorrådgjevar (stillingskode 1364), frå kr 605 500-741 300 brutto pr. år. For spesielt kvalifiserte søkarar kan høgre løn avtalast.
  • Det blir gitt tillegg for turnus i pressevaktordning.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar (sjå https://www.spk.no/ for meir info)
  • Fleksibel arbeidstid med mulighet for trening i arbeidstiden

Vi vil rekruttere den best kvalifiserte kandidaten til stillinga, og treng difor eit breidt rekrutteringsgrunnlag. Politiet er ein open og inkluderande etat der alle søkarar blir vurdert likeverdig. Vi oppfordrar difor kvalifiserte kandidatar med relevant utdanning, bakgrunn, arbeids- og livserfaring til å søke jobb hjå oss.

Opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom oppmoinga ikkje blir teken omsyn til, vil søkjaren bli varsla om dette.

Kontaktinformasjon

  • Anne Margrete Alværn, 900 46 626

Søknadsfrist: 14.11.2019

Gå til søknadsskjema
Til toppen