Frist: 1. april

Sogn Avis søker journalist og frontsjef

Stillingen er satt passiv.

Finn ledige stillinger.

Sogn Avis er på offensiven og jakter deg som har lyst å vera med å laga ei lokalavis som sogningane berre må ha.

Sogn Avis er på offensiven og jakter deg som har lyst å vera med å laga ei lokalavis som sogningane berre må ha. No treng me ein frontsjef og ein digital journalist som ser kvar arbeidsdag som ein sjanse til å nå endå fleire lesarar.

Pluss ein nyhendejeger som trivast når det er travelt og evnar å meistra fleire oppgåver på ein gong. 

Stilling som journalist/frontsjef - fast stilling

  • Me søkjer journalist som også få oppgåver som frontsjef
  • Som frontsjef skal du syta for at fronten på sognavis.no til eikvar tid er så optimal som mogeleg, at me har den rette miksen av saker, at me når del målgruppene me ønskjer og at journalistane prioriterer dei rette sakene
  • Dette krev solid digital kunnskap, stort engasjement, høgt tempo og god samarbeidsevne
  • Stillinga inngår i ein turnus med dag, kvelds- og helgevakter

Stilling som journalist - årsvikariat

  • Me er ute etter ein kvikk, kreativ og digital nyheitsjournalist som kan hjelpa oss i kampen om dei yngre lesarane
  • Du vil få høve til å jobba med eigne saker, i tillegg til at du vil gå inn i vakter der du jobbar i tett samspel med frontsjefen
  • Stillinga inngår i morgen, kvelds- og helgevakter

For begge stillingane ønskjer me at du har gjennomført journalistutdanning eller anna relevant, høgare utdanning. Dokumenterte ferdigheiter, erfaring og resultat kan vega opp for manglande formell kompetanse.

I Sogn Avis får du ein spennande jobb med ansvar og fridom til å utfalda deg innanfor journalistiske metodar og stoffområde. Me set krav til at du kan skriva god nynorsk, og har førarkort for bil.

For nærmere informasjon, ta gjerne kontakt:

Søknadsfrist: 01.04.20

Gå til søknadsskjema
Til toppen