Frist: 21. jan.

Sommarjobb i NRK-sporten

Det blir ein aktiv sommar, der det toppar seg med EM i fotball i juni/juli og OL i Tokyo i juli/august.

NRK-sporten treng også i år dyktige og engasjerte sommarvikarar i perioden frå starten av juni og ut august. Nøyaktig start- og sluttdato blir avklart med den enkelte.

Arbeidet blir knytt til den fleirmediale nyheitsdesken på Marienlyst, med produksjon for nett, TV og radio.

NRK-sporten er størst på direktesendt sport i Norge, med formidling av rundt 1300 timar direktesendt sport på TV og radio. I tillegg kjem daglege nyheits-sendingar og ikkje minst stadig sterkare satsing på nett, medrekna sosiale medier.

Totalt arbeider det rundt 90 personar i NRK-sporten, fordelt på ei rekkje fag-grupper.

Arbeidsoppgåver

  • Lage og publisere engasjerande, vesentleg, viktig og underhaldande innhald for nett, TV og radio.

Kvalifikasjonar

  • Journalistisk erfaring med produksjon for nett, radio og TV.
  • Brei kunnskap om sport.
  • Eit godt kjelde- og kontaktnett.
  • Stødig, korrekt og godt språk.
  • Har du i tillegg fleirkulturell kompetanse, eller nyttar nynorsk, er du ein interessant søkjar fordi NRK ønsker å styrke seg på desse områda.
  • Utdanning innan journalistikk/kommunikasjon frå høgskule/universitet.

Personlege eigenskapar

  • Journalistisk engasjement, energi og idérikdom.
  • Nyheitsteft, lidenskap og interesse for sport.
  • Sans for høgt tempo og tidspress.
  • Evne til å fortelje gode, journalistiske historier og positiv innstilling til å «pendle» mellom plattformene.
  • Eit aktivt og bevisst forhold til sosiale medier og ny teknologi.

Vi tilbyr

  • Spennande og aktive månader i Norges største sportsredaksjon.
  • Eit pulserande og godt arbeidsmiljø med mykje kunnskap.
  • Høgt tempo og godt humør.
  • Opplæring i bruk av dataverktøy.
  • Løn blir fastsett etter gjeldande tariffavtalar.
  • NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.

For mer informasjon om stillingen, ta kontakt med:

  • Geirmund Henjum på mobil 974 03 861

Søknadsfrist: 21.01.20

Gå til søknadsskjema
Til toppen