Frist: 25. aug.

Stord24 søkjer etter ny journalist

Du kjem aldri til å kjede deg som journalist på Stord!

Stord24 er ein mediekanal i stadig vekst. No vil me styrke den redaksjonelle satsinga vår, og ser etter ein ny journalist i full stilling som kan vere med å skrive gode og relevante nyhendesaker og reportasjar for lesarane våre.

"Stord har alt". Det er ein påstand det er lett å tulle med for ein småby på knappe 19.000 innbyggjarar. Men som lokaljournalist er det få stadar ein får bryne seg på eit så variert og spennande saksfelt som på Stord. 

Her er noko av alt det spennande du får jobbe med som journalist på Stord:

  • Eit internasjonalt næringsliv i verdsklasse. Stord er oljeby nummer ein i Norge, målt i prosentdelen av innbyggjarane som jobbar i petroleumssektoren. På Stord vert gigantiske oljeplattformar levert nærast på samleband. Samtidig er Stord, med Wärtsilä og næringsklynga NCE Maritime CleanTech i spissen, verdsleiande på grøn skipsteknologi. Å setje nye verdrekordar er kvardagskost for næringslivet på Stord.
  • Kultur og idrettsliv. Stord er viden kjent for sitt mangslungne organisasjonsliv, med hundrevis av aktive frivillige organisasjonar. Året rundt trekkjer festivalar som Handballfestivalen, barnelitteraturfestivalen Falturiltu og musikkfestivalane 100 Dagar og Fest i Vest tusenvis av besøkande til Stord. Det går ikkje ei einaste helg utan eit interessant kulturarrangement å dekkje som journalist.
  • Lov og orden. Sunnhordland tingrett har sitt hovudsete på Stord. Som journalist vil det vere god tilgang på både store og mindre saker å bryne seg på som rettsreporter. Det er også ein god del kriminalitet på Stord, og ein vil jobbe tett opp mot politiet i dekninga av krim-saker.
  • Byutvikling. Stord er ein ung by i rask vekst. Det er stadig nye utbyggingsprosjekt i Leirvik sentrum og i den store næringsparken Heiane utanfor bykjerna. Som journalist vil du få høve til å setje agenda for den spennande utviklinga av Stord.
  • Samferdsle. Eit av Norges største planlagde samferdselsprojekt, "Hordfast" mellom Stord og Os har naturleg nok svært stor interesse på Stord. Som journalist vil du vere tett på utviklinga av gigantprosjektet. Ellers er dei ulike ferjesambanda til og frå øysamfunnet Stord ei evig kjelde til nyhendesaker.
  • Utdanning og helse. Høgskulen på Vestlandet har ein av sine fem campusar på Stord. Ellers er Stord eit viktig skulesenter med ein av dei største vidaregåande skulane i Hordaland. Stord sjukehus er eit vitig lokalsjukehus for heile regionen, og ei viktig kjelde til nyhendesaker på Stord.

Kort oppsummert: Du kjem aldri til å kjede deg som journalist på Stord!

Me ser etter som kan uttrykke deg godt skriftleg og er glad i å formidle gode historiar. Du må kunne jobbe sjølvstendig, og ha stor arbeidskapasitet. 

Stord24 er ein liten redaksjon, men har store vekstambisjonar. Me har eit tydeleg mål om å vere best på nyheitsjournalistikk i Sunnhordland. 

Som journalist i Stord24 vil du også jobbe tett på Fitjarposten, som er søsteravisa vår som dekkjer Fitjar kommune nord på Stord-øya.

Kvardagen hos oss kan vere hektisk, men det skal også vere rom for å tre til side ein periode og jobbe med eit større journalistisk prosjekt. 

Det er ein fordel at du har erfaring som journalist, men ingen krav.

Nynorsk er ein viktig del av identiteten til Stord-samfunnet. Difor er det eit krav at du kan kan formulere deg godt på nynorsk.

Det er ingenting å vente på - søk i dag!

Kontaktinformasjon

  • Jonas Sætre, redaktør, 47652527 

Søknadsfrist er 25. august. Søknad sendes til jonas@stord24.no

Send søknad på e-post
Til toppen