Frist: 5. Feb

Sunnhordland søkjer redaktør

Stillingen er satt passiv.

Finn ledige stillinger.

Vil du bli vår nye ansvarlege redaktør?

Mediehuset Sunnhordland er den leiande mediebedrifta i regionen, og skal vera den føretrekte informasjonskanalen inn i framtida. Me har hatt ei positiv utvikling dei siste åra, med solid auke av lesarar og annonsørar på våre plattformer.

Me har mål om ytterlegare vekst, og søkjer ein samfunnsengasjert redaktør til å  styrka vår posisjon. Til dette arbeidet er me på jakt etter ein ambisiøs person som evner å skapa positivt engasjement for lokalsamfunnet og har blikk for å setja dagsorden.

Som ansvarleg redaktør i Mediehuset Sunnhordland må du evna å sjå framover og ha eit sterkt digitalt hovud. Du må setja lesaren først gjennom bruk av innsikt og analyse for å sikra endring i takt med utviklinga i samfunnet. Jobben krev leiarerfaring og god forståing for pressa sitt etiske rammeverk.

Ansvarleg redaktør må ha gode kommunikasjonsevner, skapa entusiasme og inspirera. Du må vera modig, tydeleg og visa retning og ha stor gjennomføringskraft. Me legg stor vekt på utvikling av medarbeidarar og teamarbeid.

Ønskjelege kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare utdanning innan t.d. journalistikk, kommunikasjon eller statsvitskap
  • Solid forståing for medieutvikling og digitalisering
  • Redaksjonell erfaring
  • Leiarerfaring med dokumenterte resultat

Me tilbyr ein sentral og viktig stilling i eit nynorsk mediehus som har blitt kåra til årets lokalavis både i Norge og Europa, med eit kreativt og godt miljø i lag med gode kollegaer. Mediehuset har konkurransdyktige lønsvilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar.

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

  • Styreleiar Olav Mugaas, tlf. 911 39 570
  • Dagleg leiar Reidar Hystad, tlf. 906 76 983
  • Tillitsvald for redaksjonsklubben Kjetil Østrem, tlf. 982 42 022.

Søknad sendes til reidar@sunnhordland.no 

Søknadsfrist: 05.02.20

Til toppen