Frist: 20. aug.
Redaksjonen i Mediehuset Sunnhordland

Sunnhordland søkjer journalistar

Stillingen er satt passiv.

Finn ledige stillinger.

Vil du jobbe i ei av Noregs beste lokalaviser?

Journalistar: 

  • Fast stilling
  • Frilansarar

Me vil styrkja laget med ein ambisiøs journalist, som kan vera med å setja dagsordenen, og som vil spela ei viktig rolle i dekking av smått og stort i ein aktiv og spennande region. Me søkjer ein medarbeidar  som ser etter gode vinklingar, og som får arbeidet raskt og presist unna. Me ser spesielt etter deg som er flink på foto og video, og som kan vidareføra Sunnhordland sin tradisjon med gode visuelle uttrykk.

  • God kunnskap om digitale medium er eit krav.
  • Det same er førarkort klasse B.
  • Vaktplanen vår inneheld faste kvelds- og helgevakter, og du må bidra med tekst, foto og levande bilete til våre ulike kanalar.

Me søkjer også etter frilansarar som har høve til å jobba kveldar 
og helger. 


For meir informasjon
, kontakt ansvarleg redaktør Magne Kydland, tlf 98 24 20 07.

Klubbleiar er Olav Røli, tlf. 98 24 20 14. 

Søknad og CV sender du til magne@sunnhordland.no innan 20. august.

Send søknad på e-post
Til toppen