Frist: 15. feb.
(Roger Engvik)

Sunnmørsposten søkjer sommarvikarar

Stillingen er satt passiv.

Finn ledige stillinger.

Har du lyst til å jobbe saman med dyktige kollegaer i det største mediehuset mellom Bergen og Trondheim?

Vi er ute etter medarbeidarar med journalistisk stå-på-vilje og ønskje om å fortelle dei gode og vesentlege historiene. Du må tenkje digitalt først, og kunne jobbe sjølvstendig. 

Vi skal ha vikarar til nyheits-, kultur- og sportsredaksjonen. Du må kunne levere eigne foto til sakene dine, og gjerne video.

Vi søkjer også etter fotojournalist som kan levere eigne saker. 

Vikariata varer frå midten av juni til midten av august.

Presiser i søknaden kvar du helst ønskjer å jobbe. Du bør ha førarkort for bil. Arbeidsstad blir hovedredaksjonen i Ålesund.

Meir informasjon om vikariata:

Søknad med referansar, CV og arbeidsprøver skal sendast innan 15. februar til sindre.halkjelsvik@smp.no. 

Send søknad på e-post
Til toppen