Frist: 31. des.

Synste Møre søkjer redaktør

Stillingen er satt passiv.

Finn ledige stillinger.

Vår noverande redaktør/dagleg leiar går av med pensjon 01.03.2020. Vi søkjer difor no etter hans etterfølgjar.

Redaktøren vil få det redaksjonelle hovedansvaret for innhald og utforming av avisa Synste Møre, både på papir og nett. Målsettinga er å vidareutvikle Synste Møre på ein god måte for lesarane i dekningsområdet. Vi viser elles til Redaktørplakaten når det gjeld andre rettar og plikter for redaktøren.

Det er ønskjeleg at den som vert tilsett også får rolla som dagleg leiar, og dermed får det økonomiske  og administrative ansvaret i verksemda. Det er utarbeidt eigen stillingsinstruks.

Vi ønskjer at den som vert tilsett har:

  • Journalistisk erfaring, gjerne frå arbeid i lokalaviser
  • Ein stødig og god nynorsk penn
  • Teft for nyhende og dei gode lokale sakene
  • Samfunnsengasjement og interesse for lokalsam- funnet
  • Leiarerfaring
  • Administrativ erfaring og evne til god økonomi- styring
  • Lokalkunnskap, og bør bu, eller busette seg i  Vanylven
  • God kunnskap og erfaring med IT
  • Stor arbeidskapasitet og evne til samarbeid
  • Eigen bil

Vi kan tilby godt arbeidsmiljø i ein liten, men kompetent og erfaren redaksjon. Løn og andre vilkår etter avtale. Vi vil gjerne ha ein skriftleg søknad innan 31.12.2019 til Synste Møre, Boks 53, 6139 Fiskå, eller på e-post til vidar@synste.no.

Nærare opplysningar kan du på hos noverande redaktør Vidar Parr på telefon 950 24 548, eller hos styreleiar Bjørnar Osnes på telefon 913 69 330.

Send søknad på e-post
Til toppen