Frist: 13. sep.
(Anders Lien)

Universitetet i Oslo søker nettmedarbeidar i kommunikasjonsseksjonen

Stillingen er satt passiv.

Finn ledige stillinger.

Det humanistiske fakultet (HF) er på jakt etter ein positiv, målretta og løysingsorientert kollega til nettredaksjonen i kommunikasjonsseksjonen ved fakultetet.

Du har redaksjonell erfaring frå media, god forståing for visuell kommunikasjon og sterk digital kompetanse.

Nettredaksjonen har ansvar for kvalitetssikring og utvikling av hf.uio.no innanfor dei standardar og retningslinjer som gjeld for nettarbeidet ved UiO. Dei ulike fagmiljøa redigerer og eig sjølv innhaldet på nettsidene, men hovudansvaret for nettsidene ligg på fakultetsnivået. Du vil inngå i eit team med nettredaktøren ved HF som nærmaste faglege leiar.


Oppgåvene i stillinga er mellom anna:

  • utarbeide nettsider
  • gi råd til innhaldseigarar om innhaldsproduksjon, informasjonsarkitektur og skriving for nett
  • svare på spørsmål frå brukarar, dvs. frå publisistar og leiarar på institutta og på fakultetet
  • leie oppdaterings- og utviklingsprosjekt på nett
  • måling, statistikk og analysar av brukaråtferd m.m.
  • andre oppgåver ved behov


Kvalifikasjonskrav

  • høgre relevant journalist- og/eller kommunikasjonsfagleg utdanning, minimum på bachelornivå. Annan relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet
  • høg digital kompetanse og solid røynsle med å skrive og formidle innhald på nett
  • det er ein fordel med redaksjonell erfaring frå media
  • erfaring med målingar og analyseverktøy
  • erfaring med redaksjonell drift og utvikling av nettstader retta mot fleire målgrupper
  • gode formidlingsevner på norsk og engelsk

Det er òg ein fordel med prosjekt- og koordineringserfaring, røynsle med rådgiving og erfaring med å veksle mellom det operative og det meir langsiktige.


Personlege eigenskapar

  • du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar, og du må trivast med jobbe i samspel med ein stor organisasjon på tvers av fagmiljø og administrative område
  • du må kunne jobbe strukturert og analytisk, halde fristar, trivast med høgt tempo og kunne handtere mange oppgåver samtidig
  • du må vere sjølvstendig, initiativrik og løysingsorientert


Vi tilbyr

  • lønn som seniorkonsulent (SKO 1363) eller rådgivar (SKO 1434) blir fastsett etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr 479 600 og kr 542 400 eller kr 532 300 og kr 605 500 avhengig av kompetanse og ansiennitet
  • fleksibel arbeidstid, stimulerande arbeidsmiljø og gode velferdsordningar
  • høve til trening i arbeidstida
  • god pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse


Søknaden

  • søknadsbrev
  • CV
  • ev. vitnemål, attestar

Søknad (ev. med vedlegg) må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.


Andre opplysningar

  • Aktuelle søkarar vil bli kalla inn til intervju.
  • Etter offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista.
  • UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetting og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønsker UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar derfor kvalifiserte søkarar med redusert funksjonsevne til å søke stillinga. Som IA-bedrift vil vi legge til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.


For spørsmål om stillinga
: fungerande seksjonssjef Petter Løken, petter.loken@hf.uio.no,  952 37 474

For spørsmål om korleis ein skal søke: personalkonsulent Mira Kramarova, mira.kramarova@hf.uio.no, 904 04 459

Søknadsfrist: 13.09.2019

Gå til søknadsskjema
Til toppen