Frist: 31. mai

Vest-Telemark blad søkjer journalistar

Drøymer du om å jobbe i bunad blant telemarkskyr?

No kan du velje og vrake i journalistjobbar i Vest-Telemark: fast jobb for dei som er sikre, vikariatet for dei som vil prøve, og noko også for dei som vil jobbe litt når det passar. 


Vest-Telemark blad søkjer journalistar:

  • 100 prosent fast stilling
  • 100 prosent årsvikariat frå 1. august
  • Tilkallingsvikarar i sommar og haust


Me ser etter allsidige og effektive journalistar som likar å grave fram eigne saker, men som også er glade i godt samarbeid med kollegaer. Det er ein fordel om du er god digitalt, og sjølvsagt skriv du nynorsk! 

Du må ha førarkort og bil. Kvelds- og helgearbeid i turnus. 

VTB er kritiske og patriotiske. Me kan tilby ein spennande journalistkvardag i Vest-Telemark, i trivelege nye lokale, og med dyktige og hyggelege kollegaer. Bur du ikkje her, men ynskjer endeleg å få draumen om det gode liv i Vest-Telemark oppfylt? Då vil me gjera det me kan for å skaffe husvære, om du vil bu i Skafså, Brunkeberg, Rauland, Treungen, Veum, Åmotsdal – eller ein av dei mange andre herlege plassane regionen har å by på. 


For meir informasjon, ta kontakt med: 

  • Øystein Øygarden (redaktør) tlf. 958 93 437 eller
  • Tone Tveit (redaksjonsklubben) tlf. 977 89 893

Interessert? Send søknad med CV til oystein.oygarden@vtb.no innan 31. mai

Send søknad på e-post
Til toppen