Frist: 15. okt.

Vil du bli journalist og bruke nynorsk – her får du opplæring med løn

Stillingen er satt passiv.

Finn ledige stillinger.

Nynorsk avissenter søkjer etter engasjert ungdom som vil bli journalist med nynorsk som mediespråk.

Vi tilbyr plass for fire praktikantar i kull 14. Opplæring og praksis i Førde i fire månader frå 2. januar 2020. Deretter to månader praksis i sjølvvald avisredaksjon til 30. juni. Løn i heile opplæringstida. Etter 12 kull har vi lært opp 50 nynorskpraktikantar sidan starten i 2013. No ser vi etter nye talent.

Nynorsk avissenter samarbeider med NRK Nynorsk mediesenter i Førde, som driv tilsvarande opplæring for nett, radio, fjernsyn og sosiale medium. Dei lyser ut det 32. kullet med same søknadsfrist, 15. oktober.


Vi tilbyr

  • Effektiv og intensiv opplæring i avisjournalistikk
  • Fire månader praksis i Firda Media og to månader i sjølvvald avisredaksjon
  • Produksjon av nyhende, reportasjar og bloggar for nett, papir og sosiale medium
  • Førelesingar i språk, presseetikk, kjeldekritikk og journalistisk metode
  • Video, foto, frontredigering, podkast, strøyming, datastøtta journalistikk
  • Tett oppfølging frå mentor og erfarne journalistar
  • Attest frå Nynorsk avissenter og praksisavis
  • Hjelp til å skaffe bustad i Førde


Du har

  • Lyst til å skrive nynorsk og vil bli journalist
  • Samfunnsinteresse og -engasjement
  • Stå-på-vilje, likar utfordringar og høgt tempo
  • Evne til å samarbeide og dele kunnskap med andre
  • Førarkort klasse B
  • Vi tek inn søkjarar med ulik bakgrunn og utdanning
  • Vi ønskjer søkjarar frå heile landet, også med fleirkulturell bakgrunn


Kontakt:

Søknadsfrist: 15. oktober 2019

Gå til søknadsskjema
Til toppen