Frist: 15. april

Vil du bli journalist og bruke nynorsk – her får du opplæring med løn

Nynorsk avissenter søkjer etter engasjert ungdom som vil bli journalist med nynorsk som mediespråk.

Vi tilbyr plass for fem praktikantar i kull 15. Opplæring og praksis i Førde i fire månader frå 19. august. Deretter to månader praksis i sjølvvald avisredaksjon ut februar 2021. Løn i heile opplæringstida. Etter 14 kull har vi lært opp 59 nynorskpraktikantar sidan starten i 2013. No ser vi etter nye talent.

Nynorsk avissenter samarbeider med NRK Nynorsk mediesenter i Førde, som driv tilsvarande opplæring for nett, radio, fjernsyn og sosiale medium. Dei lyser ut det 33. kullet med same søknadsfrist, 15. april.

Vi tilbyr

  • Effektiv og intensiv opplæring i avisjournalistikk
  • Fire månader praksis i Firda Media og to månader i sjølvvald avisredaksjon
  • Produksjon av nyhende, reportasjar og bloggar for nett, papir og sosiale medium
  • Førelesingar i språk, presseetikk, kjeldekritikk og journalistisk metode
  • Video, foto, frontredigering, podkast, strøyming, datastøtta journalistikk
  • Tett oppfølging frå mentor og erfarne journalistar
  • Attest frå Nynorsk avissenter og praksisavis
  • Hjelp til å skaffe bustad i Førde

Du har

  • Lyst til å skrive nynorsk og vil bli journalist
  • Samfunnsinteresse og -engasjement
  • Stå-på-vilje, likar utfordringar og høgt tempo
  • Evne til å samarbeide og dele kunnskap med andre
  • Førarkort klasse B
  • Vi tek inn søkjarar med ulik bakgrunn og utdanning
  • Vi ønskjer søkjarar frå heile landet, også med fleirkulturell bakgrunn

Klikk her for meir informasjon og for å søkje:
www.nynorskavissenter.no

Kontakt:

Søknadsfrist: 15. april

Gå til søknadsskjema
Til toppen