Frist: 15. okt.

Vil du bli journalist og bruke nynorsk – her får du opplæring med løn

Nynorsk avissenter søkjer etter engasjert ungdom som vil bli journalist med nynorsk som mediespråk.

Vi tilbyr plass for fire praktikantar i kull 16. Opplæring og praksis i Førde i fire månader frå 4. januar 2021. Deretter to månader praksis i sjølvvald avisredaksjon ut juni. Løn i heile opplæringstida. Etter 15 kull har vi lært opp 64 nynorskpraktikantar sidan starten i 2013. No ser vi etter nye talent.

Nynorsk avissenter samarbeider med NRK Nynorsk mediesenter i Førde, som driv tilsvarande opplæring for nett, radio, fjernsyn og sosiale medium. Dei lyser ut det 34. kullet med same søknadsfrist, 15. oktober.

Vi tilbyr

  • Effektiv og intensiv opplæring i avisjournalistikk
  • Fire månader praksis i Firda Media og to månader i sjølvvald avisredaksjon
  • Produksjon av nyhende, reportasjar og bloggar for nett, papir og sosiale medium
  • Førelesingar i språk, presseetikk, kjeldekritikk og journalistisk metode
  • Video, foto, frontredigering, podkast, strøyming, datastøtta journalistikk
  • Tett oppfølging frå mentor og erfarne journalistar
  • Attest frå Nynorsk avissenter og praksisavis
  • Hjelp til å skaffe bustad i Førde

Du har

  • Lyst til å skrive nynorsk og vil bli journalist
  • Samfunnsinteresse og -engasjement
  • Stå-på-vilje, likar utfordringar og høgt tempo
  • Evne til å samarbeide og dele kunnskap med andre
  • Førarkort klasse B
  • Vi tek inn søkjarar med ulik bakgrunn og utdanning
  • Vi ønskjer søkjarar frå heile landet, også med fleirkulturell bakgrunn

Kontakt:

Søknadsfrist: 15. oktober 2020

Gå til søknadsskjema
Til toppen