Frist: 15. april

Vil du bli nynorskpraktikant i NRK?

NRK Nynorsk mediesenter i Førde søkjer etter engasjerte ungdommar som brukar nynorsk og vil bli journalistar.

Vi gjev opplæring og praksis i journalistikk og nynorsk som mediespråk for nett, radio, fjernsyn og sosiale medium. Det 31. praktikantkurset byrjar 20. august og er ferdig 29.februar 2020. Det er fem plassar på kullet. Til denne tid har vi lært opp 140 nynorskpraktikantar og 55 prosent av dei arbeider i media. 40 prosent er i NRK.

Les meir: NRK Nynorsk mediesenter

Vi samarbeider med Nynorsk avissenter i Mediehuset Firda. Dei driv ei tilsvarande opplæring for avis og nett, og lyser ut det 13 kullet med same søknadsfrist som oss.


Arbeidsoppgåver

  • Det er ei svært praktisk opplæring, etter lære-med-å-gjere-det-metoden. Praktikantane lagar saker for nett, radio, fjernsyn og sosiale medium i den daglege produksjonen i redaksjonen.
  • Praktikantane lærer kva som er ei sak, å ta sjølvstendige e under tidspress, med rettleiing frå faglærarar og kollegaer i NRK Sogn og Fjordane og andre NRK-redaksjonar. Praktikantane må lære dei arbeidsverktya NRK brukarval og arbeid.


Kvalifikasjonar

  • For å bli nynorskpraktikant må du vere nynorskbrukar og ha lyst til å bli journalist. Vi tek inn folk med ulike bakgrunnar og utdanningar, men det er eit minstekrav at du har fullført vidaregåande skule.
  • Vi leitar fyrst og fremst etter talenta.
  • Vi ynskjer søknader som fortel noko om søkjarane og kvifor dei søkjer. Det er viktig å legge attestar og vitnemål ved søknaden. Det er på grunnlag av dei vi kallar inn til intervju, språk- og studiotest.
  • Det er ynskjeleg at praktikantane har førarkort.


Personlege eigenskapar

  • Vi leitar etter engasjerte og godt orienterte folk, også med fleirkulturell bakgrunn.
  • Praktikantane må ha stå-på-vilje, like utfordringar og høgt tempo, og ha evne til å samarbeide og dele kunnskap med andre.
  • Eit levande og godt språk, og evne til å fortelje, er viktig for å bli ein god journalist.


Vi tilbyr

  • Seks månader løna opplæring og praksis i journalistikk og nynorsk som mediespråk for nett, radio fjernsyn og sosiale medium.
  • Aktive NRK-journalistar som lærarar og spennande gjesteførelesarar.
  • Det er ingen garanti om arbeid etterpå. Men etter avslutta opplæring skal nynorskpraktikantane bli rekna som interne søkjarar i NRK i tre år. Ved tilsettingar skal dei ha prioritet til stillingar dei er fullt ut kvalifiserte for.


Startdato: 19.08.2019

Sluttdato: 29.02.2020

 
Kontaktinformasjon

Søknadsfrist: 15.04.2019

Gå til søknadsskjema
Til toppen