Frist: 15. okt.
Arianrhod Engebø er nyleg kåra til Årets unge radioprofil. Ho var nynorskpraktikant i 2017/18 og har no sitt eige radioprogram «Arian» i NRK P3 (NRK)

Vil du bli nynorskpraktikant i NRK?

Då må du søkje NRK Nynorsk mediesenter innan 15. oktober. Du får løn det halvåret du er nynorskpraktikant. Vi har fem plassar på opplæringa i journalistikk på sosiale medium, nett, radio og fjernsyn.

Vi leitar etter nynorskbrukarar frå heile landet som vil bli journalistar, også fleirkulturelle. Vi tek inn folk med ulike utdanningar og bakgrunnar, og legg vekt på å tilsette engasjerte og godt orienterte folk.

NRK Nynorsk mediesenter har lært opp 150 nynorskpraktikantar. 55 prosent av dei arbeider i media, 39 prosent er i NRK.

No lyser vi ut kull 32 med søknadsfrist 15. oktober. Fem får plass og eit halvår med lønna opplæring og praksis i journalistikk for some, nett, radio og fjernsyn. Vi driv etter lære-med-å-gjere-det-metoden og har aktive journalistar/fotografar som lærarar. Opplæring og praksis skjer i nært samarbeid med NRK Sogn og Fjordane og andre redaksjonar i NRK.


Vi tilbyr:

  • Opplæring i nett, sosiale medium, radio og fjernsyn
  • Førelesingar i språk, presseetikk, kjeldekritikk og journalistisk metode
  • Tett oppfølging av aktive og røynde journalistar/fotografar
  • Løn under opplæring og hjelp til å skaffe bustad
  • Turar til Aasentunet og riksredaksjonane på Marienlyst i Oslo
  • Praksis i riks- og distriktsredaksjonar i NRK


Vi samarbeider med Nynorsk avissenter i Førde, som driv ei tilsvarande opplæring for avisbransjen og har same søknadsfrist som oss. Kull 32 skal byrje på opplæringa i Førde 6. januar og er ferdige 30. juni 2020.

Sjå meir www.nynorskmediesenter.no


Kontakt:

Søknadsfrist: 15. oktober.

Gå til søknadsskjema
Til toppen