Frist: 5. okt.

Vil du vere med å utvikle Firdaposten vidare?

Vi er på jakt etter ein journalist som ser dei gode nyheitssakene, som ivrar etter å presentere dei raskt – og som evnar å gjere det i ulike kanalar.

I Firdaposten tenkjer vi digitalt først. I tillegg til å vere skrivande, vil du også ha video, streaming, podkast som moglege arbeidsverktøy. Har du kompetanse på frontredigering, vil du få nytte av den. Vi forventar ikkje at du beherskar alt frå første dag, men du må vere open for å tenkje nytt og lære deg nye ting raskt.

Vi søkjer deg som

  • Både kan jakte på dei store avsløringane, men også handtere dei små, kjappe nyheitene
  • Likar å ta ansvar, jobber sjølvstendig og er kreativ
  • Vert trigga av at sakene dine blir lesne og heiar frem andre for å nå felles mål
  • Brenn for lokalsamfunn og ser viktigheita av god lokaljournalistikk
  • Har gode idéar og er uredd

Vi tilbyr fleksible arbeidsoppgåver ut frå tidlegare kunnskap og erfaring, men vi legg stor vekt på digital kompetanse og journalistisk erfaring. Har du journalistutdanning er det ein fordel, men ikkje noko krav.

Høyrest dette fristande ut, kan vi by på:

  • Eit svært godt arbeidsmiljø midt i den trivelege kystbyen Florø
  • Svært varierte arbeidsoppgåver, der du blir ein del av redaksjonens turnus
  • Mykje gode kurs og fagleg påfyll frå eit konsern som er leiande innan lokalavisdrift i Norge

Les meir her om korleis det er å jobbe i Amedia her.

Viss dette høyrest interessant ut, send ein søknad til redaktør Svend Arne Vee på svend@firdaposten.no, eller ring 908 47 465 om du ønskjer ein prat og litt meir informasjon.

Søknadsfrist: 10. oktober

Gå til søknadsskjema
Til toppen