Helge Lurås i nettstaden Resett.

Google blokkerer Resett: Alle annonsar er borte, og annonsørane får pengar refundert

Google meiner Resett har brote retningslinjer. Det er redaktør Helge Lurås ueinig i.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Tysdag ettermiddag melder Resett at alle annonsar er borte frå Resett.

Dei har lenge nytta Google si annonseteneste, AdSense.

Oppfordra til å bruke annonsane

Ein e-post Medier24 har fått tilgang til viser at Google blokkerer Resett som følgje av nettstaden si aktive oppfordring om å benytte seg av annonsane.

«For example, your site or app cannot contain phrases such as "click the ads," "support our sponsors," "visit these recommended links," or other similar language that could refer to the Google ads on your site or app», står det i e-posten Medier24 har fått tilsendt frå Helge Lurås.

Den 7. april skreiv Resett-redaktør Lurås kommentaren «Støtt de som annonserer, og gjør det gjennom Resett».

Helle Skjervold i Google.

– Resett er låst ute av AdSense, seier Resett-redaktør Helge Lurås til Medier24.

– Me såg tidlegare i dag at alt var borte alt saman. Me fekk ingen forvarsel, legg han til.

Resett skriv på sine nettsider tysdag at dei jobbar med å finne andre automatiserte plattformar, og vil no gå utanom Google sitt nettverk.

«Mener vi ikke brøt regelverket»

Når Medier24 ringer Lurås for ytterlegare kommentarar, ber han om å få tilsendt spørsmål på mail.

I eit svar skriv han:

«Vi mener vi ikke brøt regelverket fordi vi oppfordrer til å handle hos annonsørene og ikke bare klikke på annonsene.

Vi tar kontakt med Google for å prøve å komme til enighet, men ser også på andre annonseplattformer som et alternativ.

Utestengelsen fra Google er alvorlig, men nor vi har tatt høyde for at kunne skje. Det er våre lojale lesere som vil være basis for Resetts overlevelse fremover.»

 

Google: «Svært alvorlig»

Pressesjef Helle Skjervold i Google Norge har ikkje høve til å kommentere enkeltsaker, men skriv følgjande i ein e-post til Medier24:

«Google tar brudd på våre retningslinjer svært alvorlig, for å beskytte både brukere, mediehus og annonsører. Noen ganger er vi nødt til å suspendere eller deaktivere kontoer på grunn av brudd på retningslinjene våre, og vi gir da publisister muligheten til å rette opp i bruddene og sørge for at de holder seg innenfor regelverket i fremtiden.»

Ute til høgre ser du korleis Resett ynskjer å tene pengar på lesarane sine.

Refunderer pengar

På Resett sine sider står det torsdag ettermiddag:

«Det fremgår av en e-post fra Google at vi har blitt blokkert fra Adsense.

Som våre lesere vil være klar over, har det den siste tiden foregått en aggressiv kampanje på sosiale medier for å få annonsører til å stoppe annonseringen på Resett. Vi anbefaler alle som støtter oss om å bli medlem, uavhengig av hva som er årsaken til at annonsene nå er borte.»

I e-posten Resett har motteke av AdSense står det at Google vil halda tilbake betalingane til Resett. Pengar dei har tent på annonsørar vil òg bli refundert til annonsørane.

Regelverket

I Google sine «Retningslinjer for annonseimplementering» står følgjande:

«Å rette unaturlig oppmerksomhet mot annonser

Publisister skal ikke skape unødvendig eller unaturlig oppmerksomhet rundt Google-annonsene sine. Eksempler:

  • iøynefallende animasjoner som leder brukerens oppmerksomhet mot annonsene
  • piler eller andre symboler som peker mot annonsene»

Svartelista av fleire selskap

Det har den siste veka pågått ein annonseboikott av Resett etter at enkelte personar har teke direkte kontakt med annonsørar og informert om at deira annonser ligg på nettstaden.

Blant selskapa som «svartelista» Resett er Petter Stordalen si hotellkjede, Nordic Choice, møbelkjeden Jysk og strømselskapet NorgesEnergi.

Psykologspesialist Karl Eldar Evang var blant dei som kontakta fleire annonsørar på Twitter og fekk støtte frå mellom andre statssekretær Sveinung Rotevatn (V).

– Eg har gjort dei merksame på at deira annonsar dukkar opp på Resett.no og har skrive at sidan er ei ytre høgre-side, kjent for personretta kampanjar og rasisme i kommentarfelta. Eg har spurt dei om dette er noko dei kanskje ynskjer å ordne opp i, sa Evang til NRK.

Sveinung Rotevatn på Venstre sitt landsmøte i fjor.

No har Resett innført ei abonnementsteneste som vil gi tilgang til eksklusive saker. Dei får òg inntekter av private donasjonar.

 

Powered by Labrador CMS