Ivar Folkedal og Mathias Høibakk Bergquist.
Ivar Folkedal og Mathias Høibakk Bergquist.

FOLK

Amedia innholdsutvikling forsterkar med Ivar Folkedal og Mathias Høibakk Bergquist

Frå nyttår byrjar dei to journalistane i Amedia innholdsutvikling.

Ivar Folkedal (35) er fast tilsett, medan Mathias Høibakk Bergquist (27) skal jobbe i eit rullerande årsverk i 2019.

Førstnemnte kjem til Amedia frå Dagens Næringsliv, kor han har vore frontsjef sidan 2014. Der har han òg vore konstituert som digitalsjef.

- Ivar har demonstrert gode analyseferdigheiter og evner til å formidle tal og statistikk, og kjem til å sørgje for at fleire av redaksjonane i Amedia får dei analysane og den oppfølgjinga som dei etterspør og fortener, seier direktør for innhaldsutvikling, Jostein Larsen Østring.

Folkedal har òg bakgrunn frå stillingar som vaktsjef og frontsjef i Egmont, VG og NRK, og som nyheitsanker på radio i P4. Han er utdanna ved NRK Nynorsk mediesenter i Førde, og er dermed den første i Amedias innhaldsutvikling som beherskar nynorsk skriftleg.

Høibakk Bergquist, frå Mjøndalen, har sin bakgrunn som sportsjournalist og frontsjef i Drammens Tidende og Dagbladet. Han har òg vore konstituert som nyheitsleiar i DT.

- Mathias kjem spesielt til å jobbe mykje med sport, i tillegg til analyse og støtte direkte ut mot fleire redaksjonar på andre område, seier Larsen Østring.

Både Folkedal og Høibakk Bergquist har sin første arbeidsdag hos Amedia onsdag 2. januar.

Til toppen