Rune Hetland i LLA og Arne Jensen i Norsk Redaktørforening
Rune Hetland i LLA og Arne Jensen i Norsk Redaktørforening (Foto: Ole Gunnar Onsøien og NTB scanpix)

KRONIKK

Anki Gerhardsen har openbart eit snevert syn på lokalavisenes samfunnsrolle

– Lokalavisene fyller samfunnsoppdraget. Spaltist Anki Gerhardsen forstår berre ikkje korleis, skriv Rune Hetland og Arne Jensen.

  • Endret
  • RUNE HETLAND, generalsekretær i Landslaget for lokalaviser (LLA) og ARNE JENSEN, generalsekretær i Norsk Redaktørforening

«Lokalpressen svikter den mest vesentlige delen av samfunnsoppdraget sitt» slår spaltist Anki Gerhardsen fast i Aftenposten 18. november.

Men er det riktig? 

Gerhardsen tar utgangspunkt i ein rapport fra Nord Universitet i Bodø. Undersøkinga viser at mange lokalaviser brukar mykje plass på stoff som «ikke synliggjør konflikt». Ut frå det faktum trekkjer ho den konklusjonen at lokalavisene ikkje gjer jobben sin.

Anki Gerhardsen har openbart eit litt snevert syn på kva som er lokalavisenes samfunnsrolle. Det er meir enn å drive kritisk journalistikk. 

Og sjølv om denne journalistikken utgjer ein liten prosentdel av publisert journalistikk, så er det likevel høgst sannsynleg at den medgåtte tida til undersøkjande journalistikk krev mykje større del av samla tidsbruk. Og tid er det ikkje flust med i dei fleste små lokalaviser, mange med to, tre eller fire redaksjonelle medarbeidarar.

Vi skal vere dei første til å innrømme at sjølvsagt kan lokalavisene (som alle andre medier) bli betre på å driva maktkritisk og undersøkjande journalistikk. Difor driv vi også med kurs- og kompetanseheving og andre tiltak for å stimulera til nettopp dette – ikkje minst i dei minste redaksjonane.

Dagleg er me i kontakt med redaktørar og journalister i ulike redaksjonar som jobbar med saker kor dei treng råd og hjelp til å koma vidare, mellom anna fordi lokal forvaltning og lokale politikarar gjer sitt beste for å hindre innsyn i viktige prosessar.

Men samfunnsoppdraget er altså meir. I Vær Varsam-plakatens punkt 1.2 heiter det at «Pressa tek seg av viktige oppgåver som informasjon, debatt og samfunnskritikk». 

Noko av det mest undervurderte når ein skal seie noko om pressa er rett og slett informasjon til innbyggjarane, som ikkje nødvendigvis et definert som politikk, men som i sum er bakteppet for at borgarane skal vere informert om lokalsamfunnet og gjennom dette ha føresetnader for å delta i debatt om lokale saker, noko lokalavisene. 

Det er altså ikkje berre gjennom djuptpløyande kritisk journalistikk at avisene skal setja borgarane i stand til å delta i demokratiske prosessar. Rein folkeopplysning om stort og smått er også viktig.

Lokalavisene må som alle andre allmenne media ha eit stort mangfald av innhald, der reportasjar frå aktivitetar i lokalsamfunnet, hendingar, sport osv. er ein viktig del og som er med på å bygga identitet i lokalsamfunnet og lojale lesarar.

Gravejournalistikken er viktig, men kan ikkje aleine bere lokalavisene inn i ei usikker framtid.

Frå sin distanserte ståstad går Gerhardsen, med brei penn, til angrep på dei små lokalavisene som får smular av samla pressestøtte.

Aviser med nokre få journalistar som står på for avisa og innbyggjarane og som svært gjerne skulle hatt meir ressursar til å grave oftare og djupare. Det er vi samde om at dei bør gjere, og dei fleste ønskjer nettopp dette.

I staden for å sparke nedover, burde ho heller hadde heia på alle gode store og små saker med undersøkjande journalistikk desse små redaksjonane klarer å levere kvar veke.

Dette ville ho sett om ho løfta blikket frå statistikken og heller brukte litt tid på å gå gjennom mangfaldet av lokalaviser landet rundt.

Heldigvis ser folk rundt om i landet annleis på dette enn Gerhardsen og forskarane ved Nord Universitet. Fleire ulike målingar slår fast at publikum har stor tillit til lokalavisene.

Ein rykande fersk rapport frå Mediebedriftenes Landsforening (MBL) slår fast at åtte av ti spurde abonnerer på ei lokal eller regional avis.

Lokalavisene er folks nest viktigaste nyheitskjelde. Av alle som abonnerer på ei lokalavis oppgjer 70 prosent «Mulighet til å følge med på det som skjer i nærområdet» som viktigaste årsak. 

Som nest viktigaste årsak oppga folk at «Nyheter og journalistikk er viktig for et fungerende samfunn».

Viljen til å betala for avisa, også på nett, er samtidig aukande. Mange lokalaviser aukar nå opplaget. Den store utfordringa er ikkje tilhøvet til publikum, men at annonsørane sviktar.

Det har folk flest skjønt, noko som er viktigare enn at akademikarar og mediekritikarer ikkje gjer det.

Til toppen