Frå venstre: Nyheitssjef for kultur i Bergens Tidende, Guro Holm Bergesen, prosjektredaktør Ingvild Rugland og prosjektleiar for «BT Lytt», Anne-Lise Synnevåg.
Frå venstre: Nyheitssjef for kultur i Bergens Tidende, Guro Holm Bergesen, prosjektredaktør Ingvild Rugland og prosjektleiar for «BT Lytt», Anne-Lise Synnevåg. (Foto: Ole Alexander Saue)

Bergens Tidende vil nå dei yngre med podkast og lyd. Lanserer appen «BT Lytt»

(BERGEN): Avisa vil samle alle lydproduksjonar i éin app. – Det kan forhåpentleg føre til auka lojalitet hos abonnentane, seier prosjektredaktør Ingvild Rugland.

Medan fleire og fleire mediehus produserer ulike temabestemte podkastar – og distribuerer hos tredjepartsselskap – går Bergens Tidende no eigne vegar.

Snart lanserer dei appen «BT Lytt», kor podkastar og ulike formar for lydinnhald vil bli publisert.

– Utgangspunktet var at me tykte lydmarknaden byrja å sjå interessant ut av fleire grunnar. Både podkast-lyttinga og strøyming av lydbøker har gått veldig mykje opp dei siste åra, med appar som Storytel og Fabel. Og i tillegg vart FM-nettet sløkt. Vil folk høyre på DAB, eller lyttar dei på telefonen? seier prosjektredaktør Ingvild Rugland til Medier24.

 

Vil tene pengar på podkast

Med på laget fekk dei Beat Technology, som òg er ein del av Media City Bergen. – Det er gull for oss å vere med på dette, seier Rugland.

BT sin nye lyd-app, «BT Lytt».
BT sin nye lyd-app, «BT Lytt». Foto: Ole Alexander Saue

Appen er enno ikkje kommunisert ut til abonnentane, men den ligg allereie no tilgjengeleg i App Store.

Schibsted-avisa har lenge satsa på podkastar, og har no fire faste: «Ballspark», «BT20», «Det vi lever av», og den nylanserte kulturpodkasten «Republikken».

No er målet å gjere økonomi av det.

– Me tener ikkje nok pengar til å forsvare satsinga på noverande tidspunkt, men me håpar det vert resultatet. Me håpar me får godt med annonsørar, og at det aukar lojaliteten for dei som allereie er abonnentar, seier Rugland.

– BT20 har gått i eit halvt års tid. Fram til jul var Sparebanken Vest involvert, då dei på ein måte kjøpte på konseptet. Me vil lage annonseinnhald som er så bra at lyttaren ikkje opplever det som forstyrrande, og at dei høyrer gjennom det, legg ho til.

 

Kultur til folket

Republikken hadde premiere fredag, og har fått gode tilbakemeldingar, ifølgje nyheitsleiar for kultur i Bergens Tidende, Guro Holm Bergesen.

– Det var på tide (å lansere ein kulturpodkast), samstundes som eg trur dette er riktig tidspunkt for oss å gjere dette på, seier ho, og legg til:

– Det er kjekt at både lesarar og kulturlivet i Bergen responderer godt og tykkjer det er kjekt. Eg trur dei òg meiner det var på tide.

Guro Holm Bergesen, nyheitsleiar for kultur i Bergens Tidende.
Guro Holm Bergesen, nyheitsleiar for kultur i Bergens Tidende. Foto: Ole Alexander Saue

Podkasten kjem ut annankvar veke, med to ulike gjestar frå kulturlivet i kvar episode.

– Kulturjournalist Kjetil Ullebø er programleiar, medan eg er sidekick. Der har me litt snudd om på rollene, ettersom eg jo vanlegvis er hans sjef. I podkasten snakkar me om det som skjer i kulturbyen Bergen og i kulturlivet elles, seier ho.

Prosjektleiar for BT Lytt, Anne-Lise Synnevåg, meiner godt innhald er avgjerande for om BT-abonnentane tek i bruk BT Lytt.

– Me skal ikkje gå ut og seie «last ned appen vår». Me skal ut og fortelje at me har innhald som dei har lyst på, seier ho til Medier24.

– Å samle alt på ein stad er det viktigaste. Me må klare å bli tydelegare ut mot lesarane om at me har lyd, og vise fram det me har. Det vert viktig å lære dei opp om kvar og korleis dei finn det. Me vil òg nå ut til den yngre målgruppa – 20 til 35 år, seier ho.

 

Lese inn journalistikk

Det er ikkje berre podkast som skal publiserast i den nye appen. Bergens Tidende skal òg lese inn artiklar som eignar seg i lydformat.

Prosjektredaktør Ingvild Rugland i Bergens Tidende. Foto: Ole Alexander Saue

– Me har lese inn noko journalistikk, men me har ikkje presentert det tidlegare. Den serien som heiter «Fem fot under» er lese inn av skodespelar spesielt for dette. Det er ei heilt annan lyttaroppleving. Me får sjå korleis det blir seinare. Det er ikkje all journalistikk som eignar seg til å bli lese inn, seier Rugland.

No vil dei gi abonnentane ein meirverdi i den nye appen deira.

– Ein skil mellom abonnentar og ikkje-abonnentar. Den skal ha større verdi for abonnentar. Når den er ferdig kan me ha innhaldet på appen før det kjem i andre appar. Slik får ein eit ekstra insentiv for å laste ned appen. Den skal òg ha innhald ein ikkje finn andre stader – som til dømes å lese inn journalistikk, seier Rugland.

Rugland håpar å nå breiare ut med deira eigen lyd-app, og håpar på sikt å få fleire mediehus med seg på prosjektet.

– Me trur at det er mange som ikkje er klar over at dei har tilgang til lydinnhald via podkast-appar. Òg yngre, men kanskje mest dei eldre, seier ho.

 – Dette vert ein spanande test, men vel så spanande er det kva Lytt kan bli til på sikt. Kan me skapa nye lydprodukt saman med andre mediehus? Det hadde vore gøy om eit samarbeidsprosjekt i Media City Bergen kunne skape nye moglegheiter på tvers i norsk mediebransje, legg ho til avslutningsvis.

Til toppen