Bjørn Ivar Austevik Voll er fast tilsett frå 1.1.2019 ved Nynorsk pressekontor, etter stadfestinga av statsbudsjettet for 2019.

Bjørn Ivar Austevik Voll er fast tilsett ved Nynorsk presse­kontor

- Eg er svært glad for å ha sikra meg ein fast jobb, seier han.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Bjørn Ivar Austevik Voll er fast tilsett frå 1. januar ved Nynorsk pressekontor, etter stadfestinga av statsbudsjettet for 2019.

Det opplyser NPK i ei melding.

Voll har vore journalist i NPK i eit engasjement sidan mars 2018, i tillegg til at han har vore tilkallings- og sommarvikar i NPK før.

Han er tidlegare nynorskpraktikant ved NRK Nynorsk mediesenter, og har jobba i NRK Dagsnytt, ved ulike distriktskontor, Dagsnytt Atten og i lettlestavisa Klar Tale, skriv dei i meldinga.

– Etter mange år i ulike vikariat med til dels svært korte tidshorisontar, er eg svært glad for å ha sikra meg ein fast jobb. Ikkje berre betyr det at eg i uoverskodeleg framtid veit kvar eg skal møta på jobb, det betyr at eg får jobba ein plass eg trivs godt. NPK dekkjer nasjonale saker av allmenn interesse, på same tid som me har eit auge for distrikta. Det gjer at eg får jobba med tema som eg er interessert i, som miljø, energi, turisme, skipsfart og samferdsle. 

Powered by Labrador CMS