Bergens Tidende skriv på leiarplass at dei mener Thor Gjermund Eriksen bør vurdere si stilling som kringkastingssjef.
Bergens Tidende skriv på leiarplass at dei mener Thor Gjermund Eriksen bør vurdere si stilling som kringkastingssjef. (Foto: NTB Scanpix / Ole Gunnar Onsøien)

BT på leiarplass: «Kring­kastings­sjefen bør vurdere stillinga si»

Bergens Tidende med knallhardt oppgjer med NRK på leiarplass.

Det har skapt sterke reaksjonar landet over etter at VG skreiv om NRK-programmet Folkeopplysningen som har spreidd falske nyheiter for å påverke skulevalet ved Lillestrøm VGS i ein episode om «fake news».

Både ungdomspolitikarar, statsråd Monica Mæland og statsminister Erna Solberg har gått kraftig ut mot rikskringkastaren og kritisert prosjektet. No melder Bergens Tidende seg på i debatten.

«Å manipulere eit val er alvorleg, same kva hensikta måtte vere. Det er uvesentleg om det er få eller mange som har blitt lurt. Prinsippet er det same: Media skal ikkje forsøke å manipulere valresultatet», skriv Schibsted-flaggskipet på Vestlandet.

Vidare står det:

«Til Medier24 seier kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen at han ikkje visste om manipulasjonen, men at «eg er ganske sikker på at eg hadde vore stor tilhengar av prosjektet». Kringkastingssjefen stør dermed opp om jukset.»

Avslutningsvis ber avisa om at kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen bør vurdere stillinga si. «NRK er ute av kontroll», skriv BT.

Avisa ramsar opp ei rekkje høver der kanalen har spreidd falske nyheiter. Dei peiker mellom anna på Satiriks-programmet «Satiriks på ekte» og P3 som lurte Drammens Tidende for å få falske hendingar på trykk.

Thor Gjermund Eriksen ynskjer ikkje å kommentere saka overfor Medier24.

Til toppen