Dagens Næringsliv har vore nede i over to timar: – Dette er kritisk, seier avisa

Sidan rundt klokka 13:15 har DN.no vore nede. No jobbar dei på spreng for å få løyst problemet.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– Me har nokre tekniske problem som me ikkje heilt finn ut av. Me har vore oppe og nede ein del gongar, og den går ned kvar gong me kjem opp igjen, seier desksjef Bjarne Dramdal Erichsen til Medier24.

Han legg til at problemet ser ut til å vere «in house», og at it-folka i DN jobbar med å finne løysinga.

– Det er beklageleg for alle lesarane våre som vil ha innhald, seier Dramdal Erichsen.

Går du inn på DN.no vert du sendt vidare til https://investor.dn.no/, kor det ligg ei festa melding om at DN.no har tekniske problem, og at dei jobbar for å løyse det.

– Det er alltid kritisk for ei nyheitsavis som DN å vere nede i over to timar, seier han.

Dramdal Erichsen seier at DN.no først gjekk ned rundt 13:15-13:30. Sidan har det vore opp og ned.

– Dette er me ikkje nøgd med. Me jobbar så godt me kan, og våre it-folk står på, legg han til.

Han fortel at avisa også tidlegare har hatt nedetid, men at det ikkje er av same art som i dag, onsdag.

– Dette har me opplevd før, men me kjenner ikkje att akkurat dette problemet. Det er som med andre nettstader. Ein opplever nedetid i dag, og i dag opplever med det – litt for mykje, seier han.

Powered by Labrador CMS