Guro Varberg Eriksen og Karoline Espelid Ueland (til høgre) sette seg på skulebenken igjen etter endt journalistikkutdanning,
Guro Varberg Eriksen og Karoline Espelid Ueland (til høgre) sette seg på skulebenken igjen etter endt journalistikkutdanning, (Bilde: Hannah Kolås)

Eit halvt år etter bacheloren, arbeider kun sju av 40 studentar på fulltid i mediebransjen

– Eg hadde ikkje valgt journalistikk om eg hadde visst at det var så vanskeleg å få jobb, seier Karoline Espelid Ueland. Men bildet er ikkje heilsvart, meiner journalistskulane.

  • Endret

Hundrevis av journalistar blir sagt opp årleg, samtidig som hundrevis av nyutdanna journalistar prøver å kome seg inn på arbeidsmarknaden.

Konkurransen i ein tilnærma kriseramma mediebransje er hard. Samtidig er søkjartala til landets journalistikkutdanningar relativt stabile.

Eit reknestykke som er dømt å gå i minus for journalistspirer landet rundt -  og som etter endt utdanning fører til studielån i hundretusener-klassa, arbeidsløyse og ei stadig påminning om at bransjen ikkje blir betre med det første.

Hausten 2013 starta rundt 50 nysgjerrige og spente sjeler på journalistikkutdanninga ved NLA Mediehøgskolen Gimlekollen i Kristiansand.

Frå første dag får dei vite at det er eit risikabelt studieløp, men for dei fleste er det verdt det om dei til slutt når målet om journalistdraumen.

Korleis gjekk det eigentleg med journalistikkstudentane?

 

Sju av 40 gjennom nålauget

Eg var sjølv ein av studentane i dette kullet, og den siste tida har eg kontakta mine tidlegare studiekameratar for å høyre kvar dei har endt opp eit halvt år etter levert bachelor.

Eg har teke utgangspunkt i klasselister frå 2. klasse, dette sidan nokre valde å hoppe av i løpet av det første året, og sidan nokre kun gjekk to år (viss dei til dømes hadde andre fag frå før).

Talmaterialet gir sjølvsagt ikkje eit fasitsvar for skjebnen til alle nyutdanna journalistar, men kan vise til ein tendens i ein utfordrande bransje.

Så: Kva skjedde med dei 40 journalistikkstudentane?

  • 21 har starta å jobbe.
  • 14 av desse arbeider med noko som ikkje er relevant for utdanninga. To oppgir at dei arbeider som frilansjournalistar ved sidan av ein (ikkje relevant) fulltidsjobb.
  • Sju personar har ein fulltidsjobb i mediebransjen. Samtlege har kortare vikariat eller tilkallingsvikariat som i praksis utgjer 100 prosent. Ingen har fast jobb. Ein av desse har ei praktikantstilling hos ei mediebedrift for eitt år.
  • Ni har starta på ei ny utdanning (anten eit lengre løp eller eit årsstudium) som ikkje har med media og kommunikasjon å gjere. To av desse arbeider som tilkallingsvikarar i mediebedrifter ved sidan av dei nye studiene.
  • Åtte personar studerer noko som byggjer vidare og/eller er direkte relevant for journalistikkutdanninga. Ein person arbeider som frilansjournalist ved sidan av studiene.
  • To oppgir at dei er arbeidsledige og aktivt søkjer jobb.
  • Fleire seier dei vurderer eller har planar om å starte på ei ny utdanning grunna den dårlege arbeidsmarknaden.
  • Over halvparten oppgir at dei er redde for å ikkje få jobb.

Med andre ord er det kun 17,5 prosent som arbeider fulltid i mediebransjen.

Og sjølv om det ikkje er så overraskande - men intet mindre oppsiktsvekkande – har ingen fått fast jobb.

 

– Skremmande tal

Leiar i NJ Student og Volda-student Trude Furuly meiner dette er skremmande tal.

Dessverre er dei nok ganske representative for situasjonen for nyutdanna journalistar i dag. Bransjen er under hardt press, og det kan ta fleire år å få noko fast.

– Nokre får fast jobb raskt, men eg vil seie dei er unntaket. At så få i ei klasse på 40 har ein fulltidsjobb i mediebransjen i dag er skremmande.

NJ Student-leder Trude Furuly (i midten) er bekymret for framtida for studentkollegene.
NJ Student-leder Trude Furuly (i midten) er bekymret for framtida for studentkollegene. Bilde: NJ

Furuly fryktar overfloden av journalistar kan gå på bekostning av den gode journalistikken.

Når stadig fleire må sjå til kommunikasjonsbransjen, meiner ho at viktige skiljelinjer kan viskast ut.

Fleire har nok endra haldning til det å starte i kommunikasjonsbransjen sidan dei starta å studere journalistikk, fordi dei for alvor har forstått situasjonen i bransjen i dag. Fleire enn før av folk eg snakkar med ser heller ikkje lenger ei tydelig grense eller problematikk knytta til det å jobbe med arbeid som liknar meir på PR, kommunikasjon og reklame samtidig som dei jobbar med journalistikk, eller andre ting i gråsona mellom PR og journalistikk.

Samtidig meiner ho det ikkje er grunn til å overreagere.

Det er solskinnshistorier om nyutdanna som raskt får fast jobb, så det er viktig å ikkje svartmale situasjonen fullstendig. Men det blir likevel heilt feil å ikkje snakke om dei tøffe tidene i bransjen, og jobbmarknaden som faktisk venter mange nyutdanna journalistar.

 

Ulrikke Heldal (23) fekk på eit halvår intensivkurs i korleis mediebransjen fungerar. No ser ho fram til å starte på lærarskulen til hausten.
Ulrikke Heldal (23) fekk på eit halvår intensivkurs i korleis mediebransjen fungerar. No ser ho fram til å starte på lærarskulen til hausten. Bilde: Hannah Kolås

  Hadde ikkje gjort det igjen

Ulrikke Heldal (23) fekk i løpet av eit halvt år eit intensivkurs i korleis bransjen fungerar:

Ho vart ferdig med ein bachelor i journalistikk, og fekk deretter fulltidsstilling som journalist i eit mediehus i Haugesund kort tid etter.

Få månader seinare kom kontrabeskjeden om at ho måtte gå grunna nedskjæringar.

Det blir litt dumt å sei at eg angrar sidan eg har lært utruleg mykje som eg vil få bruk for i andre bransjar også, men eg hadde nok ikkje teke det same valet dersom eg kunne gjort det igjen. Eg visste på førehand at det ville bli tøft, men tenkte at dersom eg jobba hardt var det alltid behov for flinke folk.

– Det stemmer jo forsåvidt, men problemet er at i dag er det ein overflod av flinke journalistar med lang erfaring.

Av bransjekollegaer har ho blitt råda til å ”kome seg bort frå journalistikken”. Det, og andre interesser, har gjort at ho har bestemt seg for å setje seg på skulebenken igjen.

Eg har allereie bestemt meg for å ta ei ny utdanning og byrjar på lærarskulen til hausten. Det kan godt hende at eg i framtida jobbar litt som journalist på si, men eg kjem ikkje til å jakte jobbar i mediebransjen.

 

Gimlekollen ikkje overraska over dei låge tala

Programansvarleg for journalistikk ved NLA Mediehøgskolen Gimlekollen, Hilde Kristin Dahlstrøm, er ikkje overraska over korleis det har gått med det ferskaste kullet.

Hilde Kristin Dahlstrøm, Mediehøgskolen Gimlekollen.
Hilde Kristin Dahlstrøm, Mediehøgskolen Gimlekollen. Bilde: Cappelen Damm

Slik som situasjonen er i mange av dei tradisjonelle mediehusa no, så er det ikkje overraskande at det er få eller ingen i det kullet som har fast jobb.

– Det hender at enkelte studentar kjapt får tilbod om fast jobb, men for dei aller fleste tek dette tid. Dette kullet gjekk ut for mindre enn eitt år sidan, og historisk sett har vegen inn til fast jobb ofte gått gjennom vikariat og frilansing, seier ho.

Dahlstrøm meiner at sju av 40 i fulltidsjobb ikkje er skremande låge tal, over eit halvt år etter endt utdanning.

Kartlegginga viser at cirka halvparten av studentane anten jobbar fulltid som journalistar, frilansar eller studerar noko som har relevans for journalistikk. Det viser at situasjonen heldigvis ikkje er heilsvart. Det er naturleg at dei som ikkje har fast jobb kan vere bekymra for det. Det gjeld uavhengig av bransje, meiner ho.

Trass dårlege framtidsutsikter i bransjen, vil Dahlstrøm anbefale journalistikkutdanning om det er dette ein verkeleg vil.

  Eg trur ein har gode moglegheiter for å finne ein relevant jobb dersom ein er kreativ, ser moglegheiter, er fleksibel, skaffar seg erfaring, supplerer grunnutdanninga med relevante fag dersom det trengst, knyttar kontakter og ikkje gir seg.

 

– Korleis skal eg klare det?

Eg hadde ikkje valgt journalistikk om eg hadde visst at det var så vanskeleg å få jobb

22 år gamle Karoline Espelid Ueland studerer no pedagogikk i Bergen i håp om å få nytta journalistikkutdanninga si i ein lærarjobb i framtida. Ho seier ho innsåg for seint i studieløpet korleis ståa i bransjen var, og at det har ført til usikre framtidsutsikter.

– Det er utruleg demotiverande å sjå at dyktige folk med mykje erfaring som står framfor meg i køa ikkje får jobb. Korleis skal eg då klare det?

Tidlegare studievenninne, 23 år gamle Guro Varberg Eriksen, visste allereie eitt år før levert bachelor at ho ikkje ville bli journalist likevel.

– Eg starta å studere journalistikk fordi det verka spanande å ha ein variert arbeidskvardag der ein får oppleve mykje. Men etterkvart merka eg at interessa for yrket minka, og den blei ikkje betre av dei negative utsiktene på arbeidsmarknaden. Den store knekken på interessa fekk eg i ei praksisperiode som ikkje var så bra, som gjorde at eg skjønte at det ikkje var noko for meg likevel.

No har ho lagt journalistblokka på hylla til fordel for sjukepleiarutdanning.

– Det er klart det freista mest å satse vidare på den karrierevegen der ein nesten er garantert jobb.

 

– Tøffe tider er moglegheitstider

Ved seks av landets største utdanningsinstitusjonar uteksaminerast fleire hundre journalistar årleg.

Tilsaman utdannar Høgskolen i Oslo og Akershus, Universitetet i Bergen, Nord Universitet, Høgskulen i Volda, Universitetet i Stavanger og NLA Mediehøgskolen Gimlekollen kring 200 journalistar i året.

Med andre ord er det 200 potensielle arbeidssøkjande journalistar, kun frå desse skulane. Dette er omtrent det same talet på tilsetje TV 2 åleine må kutte totalt.

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, Høgskulen i Volda.
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, Høgskulen i Volda. Bilde: HiVolda

Dekan ved avdeling for mediefag på Høgskulen i Volda, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, fortel at søkjartala har vore relativt stabile dei siste ti åra, noko som òg gjeld for dei fem andre utdanningsstadane.

Ho seier det kan tenkast at det utdannast for mange journalistar totalt sett i landet.

Det er vanskeleg å vere bastant om dette. Vi trur at ferdigutdanna studentar med solide kunnskapar praktisk og teorietisk har ein god sjanse i arbeidsmarknaden.

– Vi ser at mediearbeidsplassane ynskjer journalistar med samansette praktiske ferdigheiter. Teori er ikkje nok, og praksis er ikkje nok – dette heng saman, og det har vore oppskrifta for journalistutdanninga heile tida. Vi ser at nye, digitale emne, som til dømes WebDocumentary, har stor interesse og klassene har venteliste, seier ho.

Steen Steensen, instituttleder ved Høgskolen i Oslo og Akershus.
Steen Steensen, instituttleder ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Bilde: HiOA

Steen Steensen, instituttleiar ved institutt for journalistikk og mediefag ved Høgskolen i Oslo og Akershus, meiner det for tida utdannast for mange journalistar i landet i forhold til etterspørselen.

  Samtidig er det farleg å redusere antall studieplassar i journalistikk, fordi det sender eit signal om at samfunnet ikkje har same behov for journalistar som før, og det er eg prinsipielt ueinig i. Journalistikk er viktig for eit demokrati, og har ikkje blitt mindre viktig.

Rotevatn meiner tøffe tider òg er moglegheitstider.

  Vi ved Høgskulen i Volda ser ikkje på mediebransjen som totalt kriseramma, bildet er meir samansett enn dette. Vi ser også på dette som ei moglegheit til å verkeleg skape den gode journalistikken og den gode, kritiske journalisten, som står støtt i metode, praktikk og etikk.

 

Jonas Sivertsen Fossing (26) har hatt tre forskjellige vikariat i NRK Telemark sidan han var ferdig utdanna for eit halvt år sidan.
Jonas Sivertsen Fossing (26) har hatt tre forskjellige vikariat i NRK Telemark sidan han var ferdig utdanna for eit halvt år sidan. Bilde: Maria Hee Furulund

Har fått ein sjanse til å bevise kva eg kan

Jonas Sivertsen Fossing (26) er ein av få som har kome gjennom nålauget, og har arbeidd i NRK Telemark sidan han leverte bacheloren i mai 2016.

Først som sommarvikar, etterfulgt av tilkallingsvikariat heile hausten. Etter nyttår vart han kalla inn på kontoret og tilbudt eit åtte månader langt vikariat på distriktskontoret.

– Det er vanskeleg å spå framtida, og eg tør ikkje håpe på fast jobb etter vikariatet. Men optimisten i meg tenkjer jo annleis. No har eg fått ein sjanse til å bevise kva eg kan, så då får ein gjere så godt ein kan.

Han tykkjer systemet med ”lufting” er ein vond sirkel som ikkje kjem nokon partar til gode.

  Det er trist å sjå at folk som har levd på vikariat i fleire år til slutt endar opp med å miste jobben, sidan dei i teorien har krav på fast jobb. Når ein først blir god på det ein driv med, så må ein finne nytt beite, og dermed må bedrifta lære opp nokon på nytt igjen.

– Dette er ein vond sirkel i mediebransjen, og som for mange kan vere tøft å kombinere med familieliv og liknande.

 

Espen Reiss-Mathiesen, Universitetet i Stavanger.
Espen Reiss-Mathiesen, Universitetet i Stavanger. Bilde: UiS

Er du ute etter tryggleik kan du starte begravelsesbyrå

Samtidig som talet på utdanna journalistar og ledige jobbar er kvar sine motpolar, er det få månader til medieklynga Media City opnar dørene i Bergen.

Her skal Universitetet i Bergen lansere seks nye studietilbod innan medieproduksjon og medieteknologi, derav eitt av dei er eit nytt masterprogram i undersøkjande journalistikk.

Professor Astrid Gynnild, som er faglig leiar for journaliststudiet ved Universitetet i Bergen, seier denne nye porteføljen med studieprogram skal bidra til å møte behovet i mediebansjen for ny kompetanse innan medieinnhaldsproduksjon og medieteknologi.

Personar med journalistikkfagleg utdanning har veldig mange moglegheiter på arbeidsmarknaden, men det er ikkje realistisk å tenkje at alle som utdannast skal få seg jobb i nyheitsmediene. Mange vil utvikle nye jobbar i krysninga mellom internett og kommunikasjon, med ein uvurderlig journalistisk ballast i botnen.

Ho meiner nytenkning og samarbeid på tvers av fagfelt er stikkorda for å overleve i mediebransjen i dag.

At ein er åpen for å tenkje ut av boksen, at ein har klare mål og sterk motivasjon og ikkje forventer at faste jobber står klare og venter på ein. Evne til nytenkning og å samarbeide på tvers av fagfelt og med andre profesjonar, til dømes innan teknologi, er viktig, seier ho.

Førstelektor på institutt for medie-, kultur- og samfunnsfag ved Universitetet i Stavanger, Espen Reiss Mathiesen, trur journalistikkstudentar er lei av å høyre om kor dårleg det står til i bransjen.

Han har ei klar oppfordring til dei som er usikre på framtida:

Viss det er tryggleik du er ute etter, kan du starte eit begravelsesbyrå.

 

Cecilie Engh (27) har søkt fleire titalls jobbar over heile landet etter endt utdanning, utan hell.
Cecilie Engh (27) har søkt fleire titalls jobbar over heile landet etter endt utdanning, utan hell. Bilde: Hannah Kolås

- Det er jo dette som er draumen

Og for 27 år gamle Cecilie Engh har draumen om å bli sportsjournalist forblitt ein draum enn så lenge. Ho har sendt fleire titalls søknader på journalistjobbar, men utan hell.

  Eg har søkt på alt frå sommarjobbar, vikariat og faste stillingar, overalt i landet. Eg har ikkje tellinga lenger. Eg prøvar å vere positiv, men det er vanskeleg når ein får avslag etter avslag.

For å få endane til å møtast arbeider ho midlertidig ved ein bingo, mot ein avtale om å kunne slutte på dagen viss det skulle kome eit jobbtilbod.

Først studerte eg sjukepleie for å vere sikra trygt arbeid. Men eg slutta på det studiet for å gå journalistikk, sidan det var det eg verkeleg ville. Trass dei dårlege utsiktene så vurderer eg ikkje ei ny utdannning, det er jo dette som er draumen.

 

  • Og journalisten på denne saka, Hannah Kolås, arbeider fulltid i Norsk Målungdom og som frilansjournalist.

 

Til toppen