Illustrasjonsfoto: Fra eit arrangement på NLA Gimlekollen.
Illustrasjonsfoto: Fra eit arrangement på NLA Gimlekollen. (Bilde: NLA Gimlekollen)

- Fekk drøymejobben, skriv høgskulen i reklame for journalistikkstudiet. Med ei åtte år gammal historie

«Har fast jobb», skriv NLA Mediehøgskolen Gimlekollen om ein anna tidlegare student. Ho har no mista jobben i nedbemanning. Slik sel journalistskulane seg inn i krisetider.

  • Endret

Journalistikkutdanningar landet rundt opplever nedgang i søkartala, og så langt i år har to utdanningar blitt lagt ned og ein har vurdert nullopptak.

Korleis lokkar ein søkarar til ein kriseramma bransje?

 

Søkarkrise i Bodø

- Er du nysgjerrig? Blir du provosert av urettferdighet, lureri og maktovergrep? Vil du stille de viktige spørsmålene? Vil du lage ekte nyheter om ekte mennesker?

Dette er spørsmåla som møter deg om du klikkar deg inn på Nord universitet sine nettsider for å lese meir om journalistikkutdanninga i Bodø.

 - Journalistikkstudiet i Bodø gir deg en variert studiedag, med både teori og praktiske aktiviteter. Her får du verktøyene du trenger for å forstå, analysere og formidle verden og menneskene omkring  deg, med alle de uttrykksformene media kan by på.

Då søknadsfristen for høgare utdanning gjekk ut i april, hadde berre 23 personar journalistikk ved Nord universitet som sitt førsteval, mot 31 året før.

Dermed vurderte universitetet eit «nullopptak» og å ikkje gjennomføre studiet til hausten.

Bengt Engan, universitetslektor ved Nord Universitet.
Bengt Engan, universitetslektor ved Nord Universitet. Foto: Svein-Arnt Eriksen, Nord universitet

– Det er vanskeleg å sei kva som er årsaka, altså kor mykje alle krisemeldingane påverkar unge potensielle søkarar. Vi prøver å finne ut av dette, men det er ei mangfoldig materie.

Det seier studieprogramansvarleg for journalistikk i Bodø, Bengt Engan. Han seier Nord universitet  i marknadsføringa først og fremst vektlegg at journalistikk er eit spanande yrke og samfunnsmessig naudsynt. 

– Dernest at vi er ei nordnorsk utdanning og at vi har tette forbindelsar til ei rekke lokalavisredaksjonar i landsdelen, i tillegg til NRK. Og så at studiet er både teoretisk og praktisk, og at mange kjente fjes i media har studert her. På Facebook-sida vår legg vi vekt på å vise mellom anna ulike aktivitetar og pedagogisk særpreg.

 

Meiner andre må advare mot dårlege tider

Engan seier dei har blanda inntrykk av om studentane som startar på utdanninga er førebudd på at dei går inn i ein utfordrande bransje.

– Dei stiller med ganske ulike motiver for å vere her, og har ulike kunnskapar om og forventingar til yrket og bransjen. Ein del har openbert ikkje bestemt seg for å bli journalist, men vil sjå det an. For ein del er nok framtidig yrke fortsatt noko litt fjernt. 

På nettsida blir det vist til at journalistikk er ei allsidig utdanning, og at studiet gir studenten inngang til eit yrke der to dagar ikkje er like, anten ein får jobb i ein redaksjon eller i eit anna yrke der formidling er det sentrale.

Engan meiner det ikkje er utdanningsinstitusjonane si oppgåve å slå alarm om utfordrande tider i bransjen.

Å advare mot dårlege tider reknar vi med andre, ikke minst pressa sjølv, tek seg av. Dessutan gjeld «krisa» i media først og fremst store, riksspreidde og regionale medier.

- Ikkje lokalaviser, der våre studentar vanlegvis får seg jobb. Og der er det framleis bra med jobbar, faktisk.  I tillegg gjeld krisa forretningsmodellar vel så mykje som journalistikken sjølv. Folk har aldri konsumert så mykje nyheiter som no, det gir eit visst håp, seier Engan. 

 

Søkartala viser raude piler - hos nesten alle

I mai vart det klart at Høyskolen Kristiania legg ned sine journalistikkutdanningar i Trondheim og Bergen.

Det kan bli tomme stolar på høgskulane framover.
Det kan bli tomme stolar på høgskulane framover. Foto: Frank May, Scanpix

Samtidig søker færre seg til journalistikkstudier over heile landet. Samanliknar ein tala på førstegongssøkarar hos Samordna opptak frå 2016 og 2017, er det relativt dyster lesing for dei fleste skulane: 

Høgskolen i Oslo og Akershus (bachelor i journalistikk og fotojournalistikk lagt saman)

  • 2017: 386
  • 2016: 419

Høgskulen i Volda (totalt for journalistikk, spesialisering radio/tv og avis/nett):

  • 2017: 131
  • 2016: 157 

Universitetet i Stavanger (journalistikk):

  • 2017: 72
  • 2016: 68

NLA Mediehøgskolen Gimlekollen (totalt for bachelor og årsstudium i journalistikk)

  • 2017: 44
  • 2016: 37

Nord universitet (journalistikk)

  • 2017: 23
  • 2016: 31

Universitetet i Bergen (journalistikk):

  • 2017: 141
  • 2016: 149

 

Informerte ikkje om at suksesshistoria var nesten ti år gammal

I motsetning til dei fleste andre journalistikkutdanningane opplevde private NLA Mediehøgskolen Gimlekollen i Kristiansand i år ei auke i talet på søkarar til journalistikklinja.

Fungerande kommunikasjonsleiar hos NLA Høgskolen, Steinar M. Heggen, fortel at dei i marknadsføringa fokuserer på det som kjenneteikner journalistikkutdanninga i Kristiansand.

Vi legg vekt på at vi tilbyr ei journalistikkutdanning som innehar mykje praksis i kjende mediehus og at studentane får mykje praksis frå starten av. Vi har dyktige lærarar som har erfaring frå mediebransjen sjølv, og vi har fokus på at journalistikk skal bety noko.

På nettsida til NLA Gimlekollen kan ein lese ein artikkel frå april i år, som omhandlar ein tidlegare student som fekk drøymejobben etter endt utdanning ved Kristiansand-skulen.

Frå Gimlekollen sine nettsider.
Frå Gimlekollen sine nettsider. Foto: Faksimile

Med overskrifta «Fikk høre at det var vanskelig å få jobb som journalist», ingressen «Men etter journalistikk på NLA Gimlekollen gikk Ingjerd rett ut i jobben hun ønsket seg mest» og lovorda som held fram i brødteksten.

Men det er berre eitt problem: Den tidlegare studenten gjekk ut for nærare ti år sidan. Og det er ikkje nemnt ein einaste plass i artikkelen.

Til trass for at det at ikkje står noko i artikkelen som tilseier at vedkomande gjekk ut i 2009, meiner Heggen at det kjem godt fram at det er lenge sidan. 

– Om det då er snakk om fem eller åtte år, spelar ikkje ei stor rolle. Vi kunne gjerne skrive det, men saka vart ikkje skriven slik, og det er ingen av oss som har tenkt over at det kunne mistolkast slik. 

– Men bransjen var heilt annleis for åtte år sidan, er ikkje det misvisande å ikkje informere om når denne personen gjekk ut, når det blir vist fram som ei suksesshistorie i marknadsføringa?

– Det er ikkje bevisst at vi ikkje har skrive det, men vi kan sjølvsagt føre det inn. Men eg tykkjer ikkje det er misvisande på nokon måte. Eg meiner ikkje vi gir inntrykk av at ho gjekk ut no nyleg.

– Men dykk utelukker det ikkje heller? Skal dette vere ein gjetteleik?

– Vi kan ikkje utelukke alle eventualitetar som lesarar kan finne på å undre seg over i den informasjonen vi lagar. Vi gjev den best mogeleg informasjonen vi klarar på ein best mogeleg måte, og som alle andre kan det vere vi ikkje klarar det heilt vi heller.

 

 

Marknadsføring: Ho har fast jobb. Realitet: Fekk sparken grunna nedbemanning

Ein annan stad på nettsida blir det referert til nok ei suksesshistorie, her av ein tidlegare student som fekk fast jobb som journalist i 2015, før vedkomande var ferdig med utdanninga ved NLA Gimlekollen.

Men grunna nedbemanningar i mediehuset mista vedkomande jobben i fjor haust. 

Heggen seier dei ikkje har hatt kapasitet til å følgje opp korleis det går med alle studentane dei brukar i marknadsføringa.

– Ingen av oss visste at ho ikkje hadde jobben lenger. Hadde vi fått beskjed om det så hadde vi sjølvsagt endra det.

– Det skal ikkje meir til enn eit Facebook-søk for å sjå om ho framleis jobbar der, er det ikkje viktig å ha det på reine når ho blir trekt fram som ei av suksesshistoriene?

– Klart det, men vi arbeider med å lage nye nettsider, så difor har vi ikkje kapasitet til å gå gjennom alle sidene våre for å sjekke kva folk har sagt og kvar dei er no, for å sikre oss at alle stillingstitlar stemmer. Men det er ikkje misvisande marknadsføring. No veit vi det, og kan endre det, seier Heggen.  

I tillegg står det på skulen sine nettsider at 20 prosent av journalistane i landet er utdanna ved Gimlekollen. Desse tala er feil, men har likevel stått på nettsidene i fleire år. 

– Det var marknadsført slik for fleire år sidan, men sjølv om vi utdannar mange journalistar kan vi ikkje sei det no, seier Heggen.

Kommunikasjonsleiaren seier han tvilar sterkt på at potensielle søkarar vel NLA Gimlekollen basert på dei tre tilfella over.

– Dei tre tilfella er ein svært liten del av den informasjonen som ligg ute om studiene. Så eg tvilar sterkt på at det skal bikke dei over til å søke.

- Så du tvilar på eiga marknadsføring?

Hilde Kristin Dahlstrøm, programansvarleg for journalistikk på Gimlekollen.
Hilde Kristin Dahlstrøm, programansvarleg for journalistikk på Gimlekollen. Foto: NLA Gimlekollen

– Eg tvilar ikkje på eiga marknadsføring, men dette er ein minimal del av den informasjon og marknadsføring vi har rundt journalistutdanninga. Tilbakemeldingane vi får frå studentane viser at det i stor grad er tett oppfølging, dyktige lærarar og praksiserfaring som gjer at dei vel oss. I tillegg er det gjerne tidlegare studentar som har gjort dei merksame på det.

Programansvarleg for journalistikk ved Gimlekollen, Hilde Kristin Dahlstrøm, er einig med Bengt Engan ved Nord universitet, og seier det ikkje er skulane si oppgåve å advare om stoda i bransjen.

– Spørsmålet er om det er i marknadsføringa ein skal ta med heile historia om mediebransjen, eller om det er ein meir naturleg del av studiet vi tilbyr. Vi opplever langt på veg at dei ferske studentane er klar over at dei har valt ein krevjande veg, seier Dahlstrøm.

 

 

NJ Student-leder Trude Furuly (i midten).
NJ Student-leder Trude Furuly (i midten). Foto: NJ

– Dobbeltmoralsk av skulane, meiner NJ Student-leder Trude Furuly

– Reint moralsk meiner eg skulane bør drive ei marknadsføring dei kan stå inne for.

Det seier leiar i NJ Student, Trude Furuly. Ho trur ikkje utdanningane har mykje å vinne på å pynte på sannheita, men at det tvert imot vil svekke truverdet deira.

– Det er dobbeltmoralsk om dei meiner media spesielt har eit ansvar for å fortelje om korleis situasjonen i bransjen er, når dei sjølv er institusjonar som skal utdanne journalistar for framtida. Viss dei sjølv skal utdanne dei svært viktige og dyktige journalistane som dei meiner samfunnet vårt treng, så må dei ha ei verkelegheitsorientering også i eigen marknadsføring.

Samtidig meiner ho at ein ikkje skal skremme bort folk frå å søke journalistikk i vanskelege tider, og at søkarane også har sin del av ansvaret.

– Når ein skal søke på skule har ein heilt klart eit sjølvstendig ansvar for å undersøke kva slags moglegheiter ein kan få etter utdanninga og korleis jobbmarknaden er. Når det er sagt; eg meiner journalistutdanningane i alt for stor grad fråskriv seg eit ansvar, og at mykje av marknadsføringa ber preg av at det er pengane som rår. Viss dei skal ha ansvaret for å utdanne journalistar er dei nødt til å ha ei verkelegheitsorientering både når det gjeld tilbodet dei har på skulane og i eigen marknadsføring, seier ho. 

Furuly reagerer på dei tre tilfella av marknadsføring hos NLA Mediehøgskolen Gimlekollen.

– Dersom dei viser til konkrete tal som ikkje stemmer er det rett og slett er lureri. 

Ho trur fleire kan føle seg lurt av den åtte år gamle suksesshistoria om den tidlegare studenten som gjekk rett ut i drøymejobb.

– Eg tykkjer det er merkeleg at dei har utelatt ein så openbar viktig og relevant faktaopplysning i saka. Slik den står no verkar det som at ho har gått ut nyleg, når faktum er at ho gjekk ut for fleire år sidan, og det har skjedd ein del i bransjen sidan. Det er viktig å trekke fram dei gode historiene og vise moglegheitene ein kan få ved å studere journalistikk. Utdanningene bør ikke svartmale situasjonen i bransjen, og det finst solskinnshistorier, men i dette tilfellet trur eg fleire kan føle seg lurt.

 

I etterkant av intervjua til denne saka har NLA endra dei tre tinga på nettsidene sine.

 

 

For ordens skuld: Hannah Kolås har tidlegare studert journalistikk ved NLA Mediehøgskolen Gimlekollen.

Til toppen