Klassekampens debatt under Arendalsuka.
Klassekampens debatt under Arendalsuka. (Ole Gunnar Onsøien)

KOMMENTAR

For meg, og mange andre, var det vanskeleg å sjå kvifor Klassekampen skulle velja å gje plass til Resett

«Eg trur vi mistar mange gode tekstar fordi dei potensielle forfattarane ikkje orkar å stå i hetsen og personfokuset», skriv Magnus Bernhardsen.

  • MAGNUS BERNHARDSEN, masterstudent i nordisk litteratur. 

 

Eg var blant dei som forventingsfullt opna Klassekampen 5. september.

No skulle eg lesa det varsla svaret frå redaktør Mari Skurdal på kritikken dei har fått for å invitera redaktøren i Resett, Helge Lurås, på eit debattmøte under Arendalsveka.

Svaret var skuffande, og eg sende frå meg nokre sinte meldingar på Facebook før eg skreiv ferdig ein e-post der eg sa opp tinginga på avisa.

Magnus Bernhardsen
Magnus Bernhardsen.

Kva var det som skuffa meg slik?

Eg har pønska ein del på det, og eg trur det sentrale er at Skurdal snakkar rundt det som var den sentrale kritikken. Det Klassekampen har vorte kritiserte for er å invitera Helge Lurås inn på sitt eige debattmøte.

Til dette svarte Skurdal:

«Det er ikke viktig for meg å forsvare den debatten som sådan; som med det meste vi gjør, kunne vi ha gjort ting både annerledes og bedre. Panelet kunne vært et annet, og Lurås burde blitt konfrontert med det rasistiske grumset han publiserer. Det rammer tross alt mennesker, også folk som skriver i vår avis, og som får hets som er hardt å takle, som Sumaya Jirde Ali. Det som derimot er viktig for meg, er å forsvare retten vår til å intervjue Lurås og hans meningsfeller igjen.»

Slik eg les svaret til Skurdal seier ho «eg ser at de vil snakka om det møtet, eg er ikkje så interessert i å bruka tid på det, la oss heller snakka om at vi burde få skriva om det vi ynskjer».

Det er vel ingen som har kritisert Klassekampen for å dekka såkalla alternative media journalistisk.

Klassekampen kallar seg venstresidas dagsavis. Ingen kan seia at det i seg sjølv kan styra kva meiningar som kjem fram på leiarplass, eller gjennom redigeringa av avisa.

Stort sett alle standpunkt i politiske ordskifte finst ein eller annan stad på ei breitt definert venstreside. Ettersom det ikkje lenger er ei partiavis vert den politiske lina lagt av avisa sjølv – gjennom det avisa skriv i leiarar og kommentarar, gjennom kven dei intervjuar og kva dei spør om, gjennom kva som slepp til på debattsidene og ved sakene dei skriv om og vinklingane deira.

For ei avis som skal vera venstresidas dagsavis vil det verta ordskifte om korleis avisa løyser den oppgåva, om det verkeleg er venstresida som vert representert.

Samstundes er det kvar dag slik at ein skal laga den best moglege avisa, heilt utan omsyn til kva «venstresida» i stort og smått skulle meina. Eg trur dei fleste aksepterer dette.

Klassekampen skal laga ei best mogleg avis, ikkje skriva det som passar best i valkampstrategien for å få ny raudgrøn regjering eller Raudt over sperregrensa.

Men. Klassekampen gjer meir enn å rapportera og kommentera, dei skaper også sine eigne nyhende.

Klassekampen skipar jamleg til debattmøte eller føredrag, møte som fører til oppslag i avisa i forkant eller etterkant. For meg er det eit stort skilje mellom å intervjua nokon i samband med ei sak, og å gje dei ein talarstol på eit møte.

Det siste er å gje nokon ein plattform dei ikkje elles ville hatt. Det kan vera mange gode grunnar for ei avis som Klassekampen til å framheva ei røyst, til å fremja nokre synspunkt. For meg, og mange andre, var det vanskeleg å sjå kvifor avisa skulle velja å gje plass til Resett.

Mari Skurdal skriv:

«Jeg er rett og slett ikke enig i at vi legitimerer Resett ved å ha Lurås med i et debattpanel. Hører ham, ja, men legitimerer. Det betyr at vi går god for nettstedet, implisitt også grumset. Det gjør vi virkelig ikke.».

Eg trur dei som har sagt at Klassekampen legitimerer Resett meiner at avisa har bidrege til å gjera Resett meir akseptert, at grensene er flytta for kva ein kan seia og framleis vera innafor, vera ein av dei som vert invitert til debattmøte.

Så, det som skuffa meg så veldig er at Klassekampen utmerka godt visste korleis hetskampanjar frå Resett verkar – Skurdal refererer sjølv til fyrstesideoppslaget med Sumaya Jirde Ali etter at ho hadde meldt at ho ikkje orka å delta i ei 8. mars-markering.

Klassekampen er ein politisk aktør når dei lagar til debattmøte, og dei er med på å gje legitimitet til dei som vert invitert.

«Det er ikke slik at de beste tekstene skrives når ytringsklimaet er godt.» skriv Mari Skurdal.

Eg trur faktisk ikkje det er sant.

Eg trur vi mistar mange gode tekstar fordi dei potensielle forfattarane ikkje orkar å stå i hetsen og personfokuset.

Til toppen