Rune Hetland, generalsekretær i LLA.
Rune Hetland, generalsekretær i LLA. (Ole Gunnar Onsøien)

Generalsekretær Rune Hetland i LLA går av: – Eg er litt sliten. Det har vore beinhardt

Rune Hetland år av etter 25 år som generalsekretær.

Rune Hetland har varsla styret i Landslaget for lokalaviser at han ønskjer avløysing som generalsekretær, kor han har sete sidan 1994. Han seier til Medier24 at han blir sitjande fram til dei har funne ein ny generalsekretær.

– Det var på tide å sleppe andre til. Eg har vore privelegert som har få jobbe med noko så viktig og interessant så lenge, seier Rune Hetland til Medier24.

 

– Krevjande

Han byrja i LLA då han gjekk inn i styret på slutten av 1980-talet. No meiner han det er på tide å få inn nokon med meir digital kompetanse, seier han.

– Eg er litt sliten. Det har vore beinhard jobbing i alle år. Det har vore krevjande, og det er eit stort ansvar, seier han.

– Kva hugsar du best frå tida i LLA?

– Det er ganske mykje. Eg er stolt over alle kompetansetiltaka me har hatt. Me har vore med på å løfte kvaliteten på lokalavisene. Det brukte eg aller mest energi på dei første åra. Me har jamt og trutt få gjort rammevilkåra betre, seier han.

Leder av Landsalget for Lokalaviser (LLA), Rune Hetland, under fremleggelse av mediestøttemeldingen.
Leder av Landsalget for Lokalaviser (LLA), Rune Hetland, under framlegging av mediestøttemeldinga. Foto: Ole Alexander Saue

– Det var i tillegg ein viktig milepæl å få ordna tilskotsordning for éindagsaviser. Dette trådde i kraft i 1990 (då som styreleiar), og etter det er det starta over 100 lokalaviser i landet – og fleirtalet av dei lever endå.

– Kor mykje skal du jobbe framover?

– Det ser me etter behov og energi. Men eg skal jobba ganske mykje – meir enn halv stilling. 60-70-80 prosent. Det ser me – og det vert ein dialog med dei som kjem inn etter meg.

– Kva vert det viktigaste for LLA framover?

– Å sikre at det som er vedteke i mediemeldinga om styrking av lokalavisene vert ein realitet i praksis. Og så må ein hjelpe alle lokalavisene i den digitale omstillinga som no går føre seg. Det er utfordrande, for pengane strøymer ikkje akkurat inn.

Han har varsla styret om at han ynskjer å trappe ned, men held fram som rådgjevar i redusert stilling, ifølgje pressemeldinga.

 

– Statusen er kraftig heva

Styreleiar Tomas Bruvik kommenterer det slik i pressemeldinga:

Rune Hetland, generalsekretær i Landslaget for lokalaviser og Tomas Bruvik, styreleiar i Landslaget for lokalaviser
Rune Hetland, generalsekretær i Landslaget for lokalaviser og Tomas Bruvik, styreleiar i Landslaget for lokalaviser Foto: LLA

– Sidan han fekk jobben har lokalavisene i landet opplevd store løft. Ikkje minst har respekten og rammevilkåra for lokalavisene blitt løfta desse 25 åra, noko Rune skal ha ein stor del av æra for. Sjølv vil han nok framheve den store satsinga LLA har hatt på kurs og kompetanse, ikkje minst på landsmøta, som viktig for det kvalitetsløftet som har vore i lokalavisene. Statusen er kraftig heva, og i dag er lokalavisene stolte over å kalla seg lokalavis. Slik har det ikkje alltid vore.

Bruvik held fram:

– Særleg var Rune sentral då norske medium fekk 0-moms. Utan hans innsats hadde neppe momsfritaket kome, så det er ikkje berre lokalavisene, men heile medienorge som skuldar Rune ein stor takk for dette, seier Bruvik.

– For LLA er det viktig at Rune Hetland vil halde fram i organisasjonen. Kunnskapen hans må førast vidare til ein ny generalsekretær, og innsatsen hans er avgjerande viktig også framover i det pressepolitiske arbeidet, legg styreleiaren til.

Til toppen