Øyvor Bakke
Øyvor Bakke (Foto: Privat)

Sommerpraten

Gikk tom for bensin da hun skulle intervjue Jan Eggum: – Jeg våget så vidt å møte opp

NRK-programleder Øyvor Bakke følte seg ikke veldig høy i hatten da hun kom mange timer for sent til avtalen.

«Sommerpraten» stiller Medier24 en rekke personer i og tett på mediebransjen spørsmål om hva de gjør i sommer.

Neste kvinne ut er journalist og programleder i NRK Vestland, Øyvor Bakke. 

– Hvordan oppsummerer du første mediehalvår 2020?

– Det har vore absurd å sjå verda stengja ned. Behovet for informasjon har vore enormt, og den første tida var spesiell på jobb. Så mange som råd hadde heimekontor. Eg var på jobb som utegåande reporter. Så øde har eg aldri sett Bergen før. Det var nesten nifst. Og uvissa alle kjende på i starten gjorde noko med folk. Men eg er imponert over korleis små og store  redaksjonar over heile landet snudde seg rundt, og tilpassa seg alle restriksjonane, for å gje publikum nyheiter og opplevingar. Det er ikkje alltid lett. Eg trur dette blir eit halvår me aldri gløymer. 

 – Hva er årets flause til nå?

– Det må vel bli dei statsleiarane som undervurderte koronaviruset, og trudde det skulle gå over nesten like fort som det kom. 

– Hvilken bransjeperson har imponert deg i år?

– Eg synest Roger Serverin Bruland og Lars Os i NRK fortener all ros. Bruland har stødig rapportert frå dei hardast råka koronaområda i Europa i lang tid. Han er kunnskapsrik og ein god formidlar. I tillegg fortener TV-reportasjane til Os frå USA skryt. Os prøver alltid å løfta det visuelle, og for oss som er glade i TV-faget er det kjekt å sjå. Han overraskar oss både foran og bak kamera, og framstår som ein veldig ærleg og «nedpå» reporter og fotograf. Det likar eg. 

– Hva gjør du i sommer?

– Denne sommaren har eg og min gode kollega Finn Tokvam køyrt rundt i Hardanger og Ryfylke i NRK sin sommarbil. Tidenes sommarjobb. Det var moro. Folk er så stolte av heimplassane sine, og me er heldige som får komma på besøk. Resten av ferien skal eg og sambuaren min nyta heime hjå foreldra mine i Herand.  

– Hvilke medievaner tar du med deg på ferie? 

– Eg er jo som andre journalistar litt miljøskadd, og må fylgja med på nyheitene. Eg sjekkar alltid nettaviser og sosiale medium, og eg vil jo aller helst sjå Dagsrevyen kl 19, og høyra Sommar i P2.  

– Hva er den største tabben du har gjort som sommervikar? Om du aldri har vært sommervikar: Hva er den største tabben du har gjort på jobb?

– Eg var ny vikar og utegåande reporter, og gjekk tom for bensin då eg skulle intervjua Jan Eggum på direkten. Han venta og venta. Eg måtte reddast av ein kollega med bensinkanne. Det var pinleg. Eg våga så vidt å møta opp på døra til Eggum, men han tok det med eit smil - trass i at eg kom mange timar for seint. 

– Hva er ditt beste råd til årets sommervikarer? 

– Ver deg sjølv, og vis initiativ. Sommarvikarar kjem inn på ein arbeidplass som eit friskt pust. Det er godt for arbeidsmiljøet. Eg synest det er kjekt med nye fjes, og me som har jobba lenge har alltid noko å læra av dykk som er ferske. Som sommarvikar får du sjansen til å visa kva du kan, og det er lurt å utnytta. Særleg viss dette er ei bedrift du kunne tenkja deg å jobba for i framtida også.

Til toppen