Har du sett denne? Då har journalisten fått betalt
(Foto: NTB Scanpix. Montasje: Medier24)

Har du sett denne? Då har journalisten fått betalt

Radio Norge lokkar journalistane sine med pengar for å gjere mikrofonen synleg i media.

– Oppmuntring for å gjere journalistane aktive, seier nyheitsredaktør i Radio Norge, Arne Sandvik, om praksisen.

Sannsynlegvis har du sett den før.

Den raude mikrofonhetta til Radio Norge er dagleg å sjå i mediene – både i aviser og på tv.

Anten det er Erna Solberg som møter pressa, eller forsvarsminister Ine Eriksen Søreide som orienterer om tryggleikstiltak i vandrehallen på Stortinget, er sjansen stor for at Radio Norge er godt synleg for sjåarane.

 

«Mikrofontillegg»

Journalistane i den kommersielle Bauer Media-eigde radiokanalen Radio Norge får nemleg betaling for kvar eksponering av logoen på eit nyheitsbilete, eller når den når TV-ruta.

Nyheitsredaktør i Radio Norge, Arne Sandvik. Bilde: Bauer Media

Det får Medier24 stadfesta av nyheitsredaktør i Radio Norge, Arne Sandvik. Han ynskjer ikkje å stadfeste beløp, men skriv følgjande i ein e-post:

«Vi belønner flere på flere måter. Et de du ute å representer bedriften på en god måte så venter det naturligvis anerkjennelse og belønning. Det er knyttet til gode egne saker, sitater i andre medier eller at de gjør en god jobb som utmerker seg på andre måter. Det vi spøkefullt kaller for mikrofontillegg er bare en av dem. Men viktigst av alt er at vi prøver å være der det skjer, i likhet med NRK, P4 og NTB og for å få god lyd til sendingene våre.»

 

– Oppmuntring

Han ynskjer ikkje å gå inn på kor mykje dei tilsette får.

«I likhet med andre belønningssystemer er det vel mer symbolsk», skriv han i e-posten.

«Alle mediekanaler har hette med logo på fordi de ønsker å vise at de er til stede samt å vise intervjuobjektene hvem som intervjuer dem. Dette er som sagt en liten oppmuntring for å være aktiv», legg han til.

– Ekstra motivasjonsfaktor

Journalist i Radio Norge, Kjetil Kjær Andersland, fortel til Medier24 at ordninga er ein ekstra motivasjonsfaktor når journalistane er ute i felt. Han er elles òg klubbleiar i redaksjonen.

Kjetil Kjær Andersland i Radio Norge på Sverigedemokratarnas valgvake i haust. Foto: Ole Gunnar Onsøien

– Eg må understreke at me primært er ute i felt for å gjere journalistikk. I dag har eg, til dømes, stilt spørsmål både (Christian) Tybring-Gjedde og (Erna) Solberg., og me har sendt lyden på lufta. Me dreg dit ikkje for å vise mikrofonen. Eg ser på det som ein motivasjonsfaktor, for å vere ekstra frampå, seier han til Medier24.

– Eg oppfattar at det har ein positiv effekt på vår innsats, legg han til.

Kjær Andersland legg vekt på at ein liten redaksjon er nøydd til å prioritere felles pressetreff for å få gjort saker ute i felt.

– Me er ein liten redaksjon, så om me skal ha dekning i felt må me gjere slike ting. Det handlar ikkje berre om eksponering, seier han.

– Men det er viktig å vere synleg, både for politikarar og andre kjelder, legg han til.

Har du tips eller innspel til saka? Send meg ein e-post på oa@medier24.no.

Til toppen