Trond Giske - innfelt i bildet er forsiden av Hegnar.no
Trond Giske - innfelt i bildet er forsiden av Hegnar.no (Pedersen, Terje / NTB Scanpix)

Hegnar.no lenka til usladda Giske-video: – Kanskje andre medier er feige

Hegnar.no bidrog til å identifisere kvinna ved å lenkje til YouTube-videoen som viste usladda versjon av Giske og kvinna i 20-åra. - Uakseptabelt, seier etikknestor.

Torsdag skreiv VG om eit nytt varsel mot Trond Giske (Ap) frå nestleiar Knut Sandli i Fagforbundet Sykehus og helse Oslo.

Bakgrunnen for varselet er ein video av Giske dansande med kvinne på ein utestad i Oslo. VG, og andre medier som har omtalt saka, har vald å ikkje publisere videoen.

Det har derimot Hegnar.no gjort, i saka «Her dansar Trond Giske» merka som «kuriosa».

Vær Varsom-plakaten:

4.7: Vær varsom med bruk av navn og bilde og andre klare identifikasjonstegn på personer som omtales i forbindelse med klanderverdige eller straffbare forhold. Vis særlig varsomhet ved omtale av saker på tidlig stadium av etterforskning, i saker som gjelder unge lovovertredere, og der identifiserende omtale kan føre til urimelig belastning for tredjeperson. Identifisering må begrunnes i et berettiget informasjonsbehov. Det kan eksempelvis være berettiget å identifisere ved overhengende fare for overgrep mot forsvarsløse personer, ved alvorlige og gjentatte kriminelle handlinger, når omtaltes identitet eller samfunnsrolle har klar relevans for de forhold som omtales, eller der identifisering hindrer at uskyldige blir utsatt for uberettiget mistanke.

4.16. Vær varsom med å lenke fra digitale utgaver til innhold som bryter med god presseskikk. Sørg for at lenker til andre medier eller publikasjoner er tydelig merket. Det er god presseskikk å informere brukere av interaktive tjenester om hvordan publikasjonen registrerer og eventuelt utnytter bruken av tjenestene.

 

 

– Veit du ikkje kva «kuriosa» er?

– Kvifor har de gjort det? spør Medier24 redaktør Stein Ove Haugen i Hegnar.no.

– Er ikkje dette ein nyheit? svarar Haugen, som sjølv har byline på saka.

– Korleis vurderer du dette opp mot Vær Varsom-plakaten punkt 4.16?

– Dette er ein video som er teken på ein offentleg stad. Det har blitt ei sak av det, og NTB har publisert saka, og det innhaldet har me brukt til denne saka, seier han vidare.

Sjølv seier jenta at videoen står fram som verre enn det var, og det har òg Hegnar.no sitert ho på.

– Kva meiner de med at saka er ein «kuriosa»?

– Veit du ikkje kva «kuriosa» er? svarar Haugen.

– Kva tenkjer de om at de er de einaste av dei etablerte media som publiserer videoen?

– Eg veit ikkje om dei andre er feige. Kanskje dei er det, seier han.

Hegnar.no viser òg til ein kommentar på YouTube-videoen av brukaren «root912», som skriv:  

«En rekke seere av videoklippet har kommentert på det og root912 spør - og svarer: Hvilket parti er Trond Giskes favorittparti? - Det Kvinnelige Hofteparti :P»

– Kva relevans har det til saka?

– Det passar til eit kuriosum, seier Haugen.

 

– Bør ha høgare etiske ambisjonar 

Ekspert på presseetikk, Gunnar Bodahl-Johansen, seier til Medier24 at han meiner det ikkje er presseetisk akseptabelt å bidra til å identifisere kvinna i videoen. 

– I den grad det finst moglegheiter til å identifisere kvinna etter å ha sett videoen, så er det etter mi oppfatning uakseptabelt å lenkje til den. Kvinnas identitet har ingenting i det offentlege rom å gjere, seier han til Medier24. 

Han understrekar at han ikkje har sett verken videoen eller saka på Hegnar.no, og uttalar seg på prinsipielt grunnlag.

Han meiner media må ha høgare etiske ambisjonar enn å argumentere for at dette er ein nyheit, og at det er årsaka til at ein lenkjer til videoen. 

– At dette er ei nyheit er jo sjølvsagt, men det er ikkje poenget. Sjølv om dette er ein nyheit opnar ikkje det alle slusar når det kjem til identifisering av kvinna, eller omtale av saka som såleis. Saka må ha offentleg interesse. Det held ikkje at hendinga har skjedd på ein offentleg stad eller at nokon har fanga det på film, meiner Bodahl-Johansen og legg til:

– Media bør ha høgare presseetiske ambisjonar enn som så, seier han. 

Til toppen