Henrik Asheim (H).
Henrik Asheim (H). (Foto: Ole Alexander Saue)

Henrik Asheim (H): – Unngår å kritisere journalistar fordi ein er redd kva det kan føre til

– Det er eit stort problem for oss, meiner nyheitsredaktør i Aftenposten, Tone Tveøy Strøm-Gundersen.

Under «Power of Journalism» i Oslo onsdag vart tilliten til «mainstream media» debattert av Helge André Njåstad (Frp), Henrik Asheim (H) og nyheitsredaktørane Tone Tveøy Strøm-Gundersen og Tora Bakke Håndlykken i høvesvis Aftenposten og VG. Debatten vart leia av politisk redaktør Trine Eilertsen i Aftenposten.

Njåstad er blant politikarane som verkeleg måtte tole mediene sitt søkjelys i vinter. Sakene om hans reiserekningar har likevel ikkje svekkja hans tillit til norske medier.

– Det har eg ikkje tenkt så nøye gjennom. Tilliten til både politikarar og media er høg hos folk flest. Eg opplever at media har vore ryddig i stort sett alle settingar, sjølv om enkeltsituasjonar ikkje har vore like greie, sa Njåstad.

 

– Ofte spent

Njåstad sa det er bra at norske medier har både Redaktørplakaten og Vær Varsom-plakaten å følgja.

– Det er eit sett med verdiar som er viktig for at de skal ha den tilliten de har. Når ein konkurrerer med nettaviser som ikkje følgjer det, set ein pris på dei plakatane. No har me aktørar som ikkje følgjer den og publiserer saker utan å ta omsyn til tilsvar og liknande, sa han.

Helge André Njåstad (Frp). Foto: Ole Alexander Saue

Stortingsrepresentant for Høgre, Høgre, Henrik Asheim sa under debatten at politikarar ofte er spent på korleis saker vert vinkla etter at dei har gitt eit intervju. 

– Me er jo ofte spente på korleis sakene blir etter at me har gitt intervju. Me ser ofte at journalistar har bestemt seg for ei vinkling på førehand, sa han.

 

– Lite trykk utanfrå

Han tykkjer det er viktig at mediene diskuterer seg sjølv – òg offentleg.

– Det er viktig at pressa er opne til å diskutere feil. Eg trur mange undervurderer kor mykje makt journalistar har, sa han.

– Eg trur ganske mange held igjen, og ein unngår å kritisere journalistar fordi ein er redd kva det kan føre til, la han til.

Nyheitsredaktør Tone Tveøy Strøm-Gundersen i Aftenposten kjenner seg igjen i lite offentleg kritikk frå politikarar.

– I det daglege har det vore veldig lite spørsmål til oss.

– Det er eit stort problem for oss, sa nyheitsredaktør i Aftenposten, Tone Tveøy Strøm-Gundersen.

Ho sa vidare:

– Me har hatt lite trykk utanfrå, så det er noko interessant som skjer no. Fleire vert opptekne av metodebruken vår – og det er me ikkje så trent på å snakke om eksternt, sjølv om me diskuterer det internt.

 

– Det må de tole

Nyheitsredaktør i VG, Tora Bakke Håndlykken, har verkeleg fått kjenne «metodediskusjonen» på kroppen dei siste vekene. Debatten har storma rundt VG og mediene generelt etter TV 2 sine avsløringar om korleis Sofie (27), som dansa på bar med Trond Giske, følte seg behandla av VG.

Nyheitsredaktørane Tone Tveøy Strøm-Gundersen (Aftenposten) og Tora Bakke Håndlykken (VG). Foto: Ole Alexander Saue

– Det skal ikkje vere så vanskeleg å beklage om du har gjort feil. Der har bransjen ein veg å gå. Utgangspunktet for debatten her er at tilliten er under press – og det må me møte ved å vere meir opne. Det kostar ingenting å beklage når du har gjort feil, sa ho.

– Me forsøker å vere opne, og inviterer sjølvsagt folk inn. Men me er avhengig av å få inn klager for å handtere det.

– Om du spør dei som har kome til oss, håpar eg dei fortel ein annan historie (enn at VG vert sure på dei, journ. anm.), sa ho.

Ho sa vidare at medietrykket på VG i vår var rettkomen.

Likevel meiner Bakke Håndlykken at politikarane må tole at media sjølv bestemmer sine vinklingar.

– At dei er uroa for kva som kven ut på andre sida etter å ha gitt intervju, må de tole, sa nyheitsredaktør i VG, Tora Bakke Håndlykken.

 

Gammal kultur

Frp-politikar Njåstad tykkjer det var interessant å sjå det massive trykket på VG, og meiner det er bra at òg dei får eit kritisk søkjelys.

Nyheitsredaktørane Tone Tveøy Strøm-Gundersen i Aftenposten. Foto: Ole Alexander Saue

– Det var kanskje første gang at mediene sette søkjelyset på seg sjølv, sa han.

Tveøy Strøm-Gundersen trur bransjen har eit kulturproblem frå gammalt av.

– Eg trur det ber preg av gammal kultur. Me har fått jobba mykje i fred. Ikkje mange utanfor har stilt spørsmål om metodar, kjeldeval, og slike ting, sa ho

 

Siste nytt rett til din innboks? Meld deg på vårt nyhetsbrev!

* indicates required
 

 

Til toppen