Ingunn Solheim feirer jul med familien i Flugedalen i Førde.
Ingunn Solheim feirer jul med familien i Flugedalen i Førde. (Foto: Privat)

Julepraten:

Ingunn Solheim: – Støre uttalte uttrykket «koko» som gjøken. Det kommer jeg aldri til å glemme

NRK-profilen forteller at Jonas Gahrs Støres «koko» i valgkampen brente seg fast. I 2020 håper hun ellers å få folk mellom 30 og 50 år mer engasjert i debatt- og aktualitetsprogram.

Medier24 har stilt en blanding av personaliserte og generelle spørsmål til en rekke medieprofiler om året som har gått, og deres forhold til jula.

Denne gangen er det NRK-journalist og programleder, Ingunn Solheim, som svarer.

– Du fornyet debattformatet med programmet «Einig?» tidligere i år. Hvordan har responsen vært nå i etterkant?

– Det er stadig folk som fortel at dei har sett ein episode eller fleire og at dei likte det dei såg. Episodane ligg i NRK tv-spelaren og eg trur dei kan inspirere til gode diskusjonar på juleselskap og middagar i romjula! Du kan både plukke opp saklege argument og ein metode for å få diskusjonen med ein gammal onkel eller ei tante meir spennande.

– Blir det en ny sesong av «Einig?» eller vender du tilbake som tradisjonell debattleder i 2020?

– Vi jobbar med å vidareutvikle konseptet og planen er å lage fleire episodar. Men vi veit ikkje heilt kor tid vi er klare for nye opptak. Så dei politikarane som meldte seg og gjerne ville vere med på «Einig?» i førre runde, får truleg ein ny sjanse. 

– Hva gjør du i jula?

– Tek med meg sambuar Lars og vesle Sigurd på tre månader heim til Sogn og Fjordane for siste gong før det blir til Vestland. I år blir det færre skiturar og fleire trilleturar.

– Når slapper du av og hva gjør du i så fall?

– Vi feirer jul på småbruket til far min der det er litt lite straum, treigt internett, dårleg mobildekning, ingen nære naboar og heilt stille. Så der slappar eg av. 

– Hva spiser dere til jul?

– Vi et pinnekjøt, skrelte poteter, kålerabistappe og pølser til middag. Og krumkaker med moltekrem til dessert.

– Hva husker du best fra medieåret 2019?

– Av alle ting, så har Jonas Gahr Støre si uttale av uttrykket «koko» brent seg fast. Under ein valkamp-debatt leia av min gode kollega Ingerid Stenvold på vakre Sakrisøy, uttalte han det sånn som gjøken; «ko ko». Det kjem eg aldri til å gløyme. 

– Hva tror du vil påvirke medieåret 2020?

– Av store saker, så blir jo riksrettsprosessen mot Trump og USA-valet dominerande. For mediene spesielt, så trur eg kampen om tida til folk berre blir tøffare. Det uroar meg at folk mellom 30 og 50 år i alt for liten grad opplever at dei får gode nok debatt- og aktualitets-tilbod til at dei brukar tid på det. Det er eg veldig motivert til å gjere noko med. Når eg er tilbake frå permisjon med veslegut.

Til toppen