Jan Inge Fardal er ny redaktør i Nynorsk pressekontor (NPK).
Jan Inge Fardal er ny redaktør i Nynorsk pressekontor (NPK). (Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix)

FOLK

Jan Inge Fardal ny redaktør og leiar i Nynorsk pressekontor

Jan Inge Fardal sluttar som ansvarleg redaktør i Sogn Avis for å leia Nynorsk pressekontor (NPK).

Det melder NTB sjølv fredag ettermiddag.

– Når du er oppteken av viktig journalistikk på nynorsk, er det vanskeleg å finna ein meir spennande stad å vera enn NPK. Dette er eit oppdrag eg er verkeleg glad for å få og som eg ser fram til å gå laus på, seier Jan Inge Fardal sjølv om tilsetjinga i ei pressemelding.

Fram til Fardal er på plass er Kirsten Offerdal konstituert som redaktør for NPK.

Sogningen tek over for Karoline Riise Kristiansen, som blir språksjef i NRK.

– Sogn Avis er ei av dei fremste nynorske lokalavisene i landet, og vart kåra til Årets lokalavis i 2015. Fardal har som ansvarleg redaktør sidan 2006 ein stor del av æra for dette. Samstundes har han halde den utøvande journalistikken ved like, og fekk i 2017 Landslaget for lokalaviser sin journalistpris, seier Tom Hetland, styreleiar i Stiftinga Nynorsk pressekontor.

Fardal er òg leiar av Vestafjelske Redaktørforening, og hans innsikt i kva utfordringar lokalavisene står overfor er vektlagt ifølgje pressemeldinga.

Nynorsk pressekontor dei siste 12 åra samarbeidd med NTB om drift av redaksjonen, og sit samlokalisert med NTB i Hamnelageret i Oslo. Dermed blir Fardal ein del av redaktørkollegiet i NTB, som redaktør i NPK.

– Me er strålande fornøgd med å få ein redaktør til NPK direkte frå kjerneområdet til nynorskavisene og kundegruppa til NPK. Jan Inge er ein røynd lokalavisredaktør me er glade for å få inn i redaktørgruppa i NTB, seier sjefredaktør og administrerande direktør i NTB, Mads Yngve Storvik.

Til toppen