– Det er viktig at du som journalist kan sakene, er førebudd og kan konfrontere dei du snakkar med, seier journalistikkstudent Marita Solheim (23), og trekk fram Fredrik Solvang i NRK som eit av sine føredøme.

– Kjeldekritikk blir nemnt i kvar førelesing, seier journaliststudent Marita Solheim (23) i Volda

Debatten om falske nyheiter har fått medieutdanninga ved Høgskulen i Volda til å drilla enno meir på det journalistiske handtverket.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– Eg merkar at det går litt inn på meg når nokon til dømes skriv på Facebook at «Å, det er så mykje drit i media». Men eg blir også gira på at når me byrjar å jobba, så skal me gjera det betre, seier journalistikkstudent ved Høgskulen i Volda, Marita Solheim (23).

Som ein av dei som satsar på journalistyrket går ho ei usikker framtid i møte – ikkje berre på grunn av fallande inntekter og nedskjeringar i mediehusa, men også fordi framveksten av sosiale medium har skapt eit meir fragmentert mediebilete der journalistar ikkje lenger har ein like sjølvsagt rolle som portvoktar i den offentlege samtalen.

Tillit, falske nyheiter - og journalistutdanning:

  • 41 prosent av dei spurte i ei undersøking seier at dei har svært eller nokså stor tiltru til journalistar; ein nedgang frå 47 prosent året før. 17 prosent har nokså eller svært liten tiltru. (Nordiske mediedager)
  • Omlag halvparten meiner at dei etablerte nyheitsmedia i stor grad fortel sanninga, ifølgje ei anna undersøking. 40 prosent av oss meiner at det er vanskeleg å skilja truverdige frå ikkje truverdige nyheiter på nett. (NRK)
  • Søkjartala til journalistutdanningane i Noreg gjekk ned med 13 prosent frå 2016 til 2017 (Journalisten

Solheim meiner at dagens generasjon av journalistar sjølve må ta på seg noko av skulda for at dei har mista ein del av statusen som tidlegare følgde med yrket.

– Det er mykje dårleg journalistikk der ute, seier ho, og rettar fingeren mot «klipp og lim-saker» og omtrentleg omgang med kjelder.

 

Falske nyheiter

Førsteårsstudenten er klar på at journalistane må bretta opp ermene og gjera ein skikkeleg jobb om dei skal halda på truverdet sitt i konkurranse mot «falske nyheiter» og virale saker i sosiale medium. Dette er også viktige tema i undervisninga på studiet, fortel ho:

– Eg veit ikkje kor mykje fokus det var på kjeldekritikk i journalistutdanninga før, men no blir det nemnt i kvar førelesing.

Førstelektor Tormod UtneHøgskulen i Volda stadfestar at han og andre lærarar brukar debatten om falske nyheiter, som har rast i kjølvatnet av valkampen til Donald Trump i USA, til å aktualisera pensumet framtidas journalistar skal læra.

– Debatten berre styrkar argumentet for å læra studentane eit skikkeleg handtverk, og leggja enno større vekt på kjeldekritikk og god journalistisk metode, seier Utne, som mellom anna har ansvar for internpraksisen der studentane publiserer saker til ei eiga avis på høgskulen.

– Journalistane får kanskje ein viktigare jobb enn dei nokon gong har hatt, seier førstelektor Tormod Utne, som underviser i journalistikk ved Høgskulen i Volda.

Utne meiner den tilspissa kampen om verkelegheita gjer at det har blitt mindre rom for slurvefeil, og at journalistane må vera enno meir påpasselege enn før, særleg i arbeidet med sensitive nyhendesaker.

– Me ser tendensar til at enkelte aktørar kan gripa fatt i relativt små feil for å diskreditera heile journalistikken viss dei ikkje likar innhaldet. Eg pleier å gi studentane råd om å passa på og unngå å gjera dumme feil, fordi det kan brukast til å øydeleggja truverdet til deg og ditt medium.

 

Alle må faktasjekka

Både lærar Utne og student Solheim legg vekt på nokre heilt sentrale oppgåver som journalistar må kunna for å legitimera yrket sitt: Å sjekka fakta, å kvalitetssikra kjelder og å konfrontera aktørar med makt og interesser.

Som eit svar på utfordringane som falske nyheiter og bruk av alternative fakta representerer, har NRK, TV2, VG og Dagbladet gått saman om Faktisk.no. Sida skal faktasjekka påstandar frå både politikarar og presse frå sommaren av.

Solheim meiner det blir spennande å sjå kva Faktisk kan få til, men åtvarar mot å la det bli ei sovepute for andre journalistar.

– Eg trur ikkje ein skal stole for mykje på at det løyser alle problem. Ein må jo verkeleg ta tak i det i redaksjonen, seier ho, og kjem med eit forslag:

– Kanskje ein burde ha ein eigen tilsett i kvar mediebedrift med spesielt ansvar for faktasjekking.

 

«Rett på trygd»

Same kor viktig det er: Kjeldekritikk og faktasjekking krev ressursar. Journalistar som står bak det Solheim kallar «klipp og lim»-saker vil raskt unnskylda seg med dårleg tid og høge leveringskrav. Fallande inntekter gir trongare kår til å laga den grundige, kritiske journalistikken som Solheim og andre ambisiøse studentar ønskjer å via seg til.

Dei usikre økonomiske utsiktene pregar også stemninga i studiemiljøet.

– Mange på studiet spøker om at når ein er ferdig, er det rett på trygd. Tredjeklassingane seier at me må nyta det medan me er her, seier Solheim, som likevel håper og trur at ho sjølv skal få jobb etter utdanninga.

Utne meiner på si side at biletet er langt frå heilsvart, og minner om at den digitale revolusjonen også skaper heilt nye moglegheiter til å driva grundig og kritisk journalistikk. Han opplever at folk i bransjen ringer og spør etter studentar som meistrar dei digitale verktøya.

– Eg vel å ha ein optimistisk innfallsvinkel når det gjeld desse endringane, så ein ikkje skal grava seg ned og bli deprimert av alle sluttpakkane rundt omkring. Det er framleis sterk etterspurnad etter digitalt kompetente journalistar som kan ta i bruk dei nye moglegheitene, understrekar førstelektoren.

 

Powered by Labrador CMS