Ingrid Bjørklund er klubbleiar i Dagens Næringsliv.
Ingrid Bjørklund er klubbleiar i Dagens Næringsliv. (Foto: Eira Lie Jor)

Klubbleiar i DN: – Trykka stemning og folk fryktar for jobbane sine

Dagens Næringsliv skal kutte 30 millionar kroner. Klubbleiar Ingrid Bjørklund seier at dei tilsette er i ei krevjande tid.

Torsdag var det allmøte i Dagens Næringsliv kor leiinga varsla eit kutt på 30 millionar kroner. Heile 25 av dei millionane skal kuttast i personale.

Det har ikkje kome detaljert informasjon om sluttpakkar endå.

 

– Krevjande tid

I ein e-post til Medier24 skriv klubbleiar Ingrid Bjørklund at beskjeden var svært tung å ta imot.

– Journalistane i DN er glade i arbeidsplassen sin og utruleg stolte over det journalistiske produktet me lagar kvar dag. Det er stadig mykje som er uavklart, og klubbstyret vil i tida framover jobba med å setje seg grundig inn i grunnlaget for kostnadskutta og for å få ein frivillig nedbemanningsprosess, skriv ho i ein e-post til Medier24.

– Akkurat no må eg be om forståing for at eg må bruke tida mi på å ta vare på klubbmedlemmane i ei krevjande tid, legg ho til avslutningsvis.

Avisa hadde eit allmøte der dei fekk «ei oppdatering på bedrifta sin økonomiske status». Den var ikkje så god som venta, ifølgje klubbleiar Bjørklund.

Det har ikkje lukkast Medier24 å nå verken administrerande direktør og sjefredaktør Amund Djuve i Dagens Næringsliv eller konsernsjef Hege Yli Melhus Ask i eigarselskapet NHST.

 

Trykka stemning

Ho held fram:

– Leiinga ha difor varsla kostnadskutt opp mot 30 millionar kroner, der ein betydeleg del skal takast ved nedbemanning. Det er naturlegvis ein svært tung beskjed å få på ein kvar arbeidsplass, så stemninga er trykka.

Bjørklund seier at folk fryktar for jobbane sine.

– Det er spesielt utfordrande sidan me òg står midt oppe i ein stor omorganiseringsprosess, seier ho.

Ifølgje kjelder skal DN-leiinga informere dei tilsette torsdag 19. september om den planlagde omorganiseringa. Det er òg varsla at det vil komma ein ny leiarkabal, og at fleire nye leiarar skal tilsetjast. Endeleg organisasjon vil først vera klar i november.

Til toppen