Partileder i Venstre Trine Skei Grande taler til landsstyremøtet i Venstre på Scandic Helsfyr i Oslo.
Partileder i Venstre Trine Skei Grande taler til landsstyremøtet i Venstre på Scandic Helsfyr i Oslo. (Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix)

Mediemeldinga blir presentert på LLA og lokalavisenes landsmøte

– Vi er stolte over at kulturministeren legg fram mediemeldinga på LLAs landsmøte, seier styreleiar Tomas Bruvik i LLA.

Fredag samlar over 200 lokalavisjournalistar seg for Landslaget for lokalaviser (LLA) sitt landsmøte i Drammen.

Som Medier24 erfarte før helga, vil kulturminister Trine Skei Grande (Venstre) leggja fram regjeringas mediestøttemelding under årsmøtet til LLA.

– Vi er stolte over at kulturministeren legg fram mediemeldinga på LLAs landsmøte. Vi har venta i spenning i to år på denne meldinga som er svært viktig for framtida også til lokalavisene i Norge. Det er knalltøffe tider for mange av avisene. Dei står midt i ei digital omstilling og vi håpar sjølvsagt at kulturministeren har med seg gode nyhende til lokalavisene, seier LLA-styreleiar Tomas Bruvik i ei pressemelding.

LLA-generalane Rune Hetland og Tomas Bruvik.
LLA-generalane Rune Hetland og Tomas Bruvik. Foto: Gard L. Michalsen

Han legg til:

– At kulturminister Trine Skei Grande vel å presentera mediemeldinga hos oss tek vi også som eit signal på at statsråden bryr seg om og har respekt for den jobben lokalavisene gjer.

 

Siste nytt rett til din innboks? Meld deg på vårt nyhetsbrev!

* indicates required
 

 

Til toppen