Rune Hetland, generalsekretær i Landslaget for lokalaviser og Tomas Bruvik, styreleiar i Landslaget for lokalaviser
Rune Hetland, generalsekretær i Landslaget for lokalaviser og Tomas Bruvik, styreleiar i Landslaget for lokalaviser (Foto: LLA)

KOMMENTAR

Mediemeldinga må gi nødvendig løft for lokal­avisene

«Mediemangfaldet i landet vårt er unikt, men det er ikkje sjølvsagt».

  • TOMAS BRUVIK, styreleiar i Landslaget for lokalaviser og RUNE HETLAND, generalsekretær i Landslaget for lokalaviser

 

Det er store utfordringar med å finansiere journalistikken i åra som kjem. Lokalavisene landet rundt set nå si lit til at kulturminister Trine Skei Grande på fredag legg fram ei mediemelding som løftar lokalavisene. 

Dei fleste mediepolitikarar har lenge snakka varmt om lokalavisene si viktige rolle i sine lokalsamfunn og for samfunnet.

Men det har stort sett blitt med gode ord. Vakre ord er sjølvsagt hyggeleg, men nyttar lite til å lønna journalistar.

Når det kjem til hard valuta er det nummer to-avisene som til nå har tatt det meste av den direkte pressestøtta, produksjonsstøtta. Klassekampen, Vårt Land og

Dagsavisen har det til felles at berre ei av desse avisene får nesten like mykje i produksjonsstøtta som over 100 lokalaviser til saman. Kvifor er det slik?

Er det fordi mange av riksavisene har sterke band til politisk parti, eller er det fordi rikspolitikarane meiner at det er viktigare med god journalistikk frå hovudstaden enn rundt om i dei mange lokalsamfunn i landet vårt?

Dersom verdien av momsfritaket blir trekt inn i samla verdi av pressestøtta blir denne skeivfordelinga ytterlegare forsterka, og det blir endå tydelegare kor liten del som går til dei mange lokalavisene rundt om i landet.

Dette handlar om rettferdig fordeling, men først og fremst om at lokalavisene treng midlar til å løyse samfunnsoppdraget og slik halde oppe eit vel fungerande lokaldemokrati. 

Lokalavisene har alltid måtte leve med små ressursar og har vore stolte av å lage gode avisprodukt ut av dei ressursane ein har. Men det er krevjande tider når lesinga blir meir digital utan at annonseinntektene følgjer med.

Samstundes som dei fleste inntektene framleis kjem frå papiravisa må lokalavisene bruke mykje ressursar digitalt; det er ein føresetnad for å nå nye generasjonar. Og midt oppe i alt dette er det varsla reduksjon i omdelingsfrekvensen av post. Mange lokalaviser er heilt avhengig av posten til distribusjon av avisa.

Mediemangfaldsutvalet sa tydeleg at det hastar med tiltak for å hjelpe ei presse som opplever krevjande økonomiske tider. Dei peika spesielt på lokalavisene landet rundt som svært viktige for eit vel fungerande lokaldemokrati. 

Vi i Landslaget for lokalaviser (LLA) meiner at lokalavisene ikkje berre er viktige, dei er uunnverlege og til dels også undervurdert. Det er kommunane som leverer det meste av tenestetilbodet til innbyggjarane i landet vårt, og det er lokalavisene som følgjer den lokale politikken.

I praksis er lokalavisa den einaste seriøse fellesarenaen for innbyggjarane i dei ulike lokalsamfunna der alle lever sine liv. Alle veit at den viktige undersøkjande journalistikken krev ressursar og innbyggjarane i heile Norge fortener gode lokalaviser.

Det er ingen tid å miste, og det håpar vi også at kulturminister Trine Skei Grande vil fortelje oss alle når ho kjem til LLAs landsmøte i Drammen på fredag.

Til toppen