Mona Grønningen i Kvinnheringen
Mona Grønningen i Kvinnheringen (Foto: Kvinnheringen)

FOLK

Mona Grønningen ny redaktør i Kvinnheringen

Blir fast etter å ha vore konstituert sidan februar.

Onsdag orienterte styreleiar i Kvinnheringen, Øystein Vormestrand, om at Grønningen har takka ja til tilbod om fast stilling som redaktør og dagleg leiar i Kvinnheringen.

– Veldig stas. Det er utruleg kjekt å bli vist ein slik tillit, og ikkje minst å kjenna på den støtta eg har frå kollegaane mine, seier Grønningen i ei pressemelding.

Ho tek over etter tidlegare redaktør Tomas Bruvik som har har fått jobben som generalskretær i Landslaget for lokalaviser (LLA). Grønningen har vore konstituert sidan februar etter at Bruvik har jobba i prosjektstilling i LLA.

Grønningen seier ho er glad for at spørsmåla kring stillinga no er avklara, slik at ein kan begynna å sjå framover, legga strategiar og sikra stabilitet over tid.

– Dette er ekstra viktige moment i den tida vi er inne i no, med eit stort press på oss i mediebransjen om å levera gode produkt, samt jobba etter stadig nye strategiar og nye metodar. Heldigvis er vi ein god, kreativ og dyktig stab som leverer og dreg lasset i lag, påpeikar ho.

Vormestrand fortel at styret er glad for at Grønningen har takka ja til jobben som redaktør og dagleg leiar, og han skildrar henne som ein ambisiøs og kompetent leiar som kjenner behova i organisasjonen og i lokalsamfunnet sitt godt.

Til toppen