Debatt

Nei, NRK: Fredriksen går ikkje inn i Norwegian

«NRK burde ha visst det om dei hadde kompetente økonomjournalistar», skriv Jon Hustad.

Denne artikkelen er over to år gammel.

  • JON HUSTAD, journalist og samfunnsdebattant

I dag, den 29. januar, skreiv NRK på sine heimesider om Norwegian: «John Fredriksen åpner lommeboken og kommer inn på eiersiden.» Dette er etter alt å døma feil og NRK burde ha visst det om dei hadde kompetente økonomjournalistar.

NRK var ikkje åleine om denne påstanden, den stod på nær alle nettsider. Men Fredriksen og DNB og ei rekkje andre er garantistar for ein teikningsrettemisjon, emisjon er utviding av talet på aksjar. Det vil seia at Fredriksen og resten garanterer at dei vil kjøpa dei nye aksjane dersom ingen av dei gamle eigarane kjøper. Men det kjem dei til å gjera. Prisen på dei nye aksjane er ikkje sett enno, men i stort sett alle slike saker vert prisen av styra sett så lågt at dei gamle eigarane kjenner seg tvinga til å kjøpa for ikkje å tapa endå meir pengar. Dimed kjem ikkje Fredriksen etter det meste å døma til å sitja på ein einaste ny aksje. Kvifor er denne feilinformasjonen viktig? Svært mange ikkje særleg kompetente menneske driv med daytraiding. Desse kjøper ofte aksjar på basis av det dei trur Fredriksen, bjellesauen, gjer. No kan ein seia at dei berre har godt av å tapa pengar på å vita for lite. Det er ikkje ei orsaking for NRK og andre for å vera inkompetente.

Fredriksen får på si side minst 2 prosent av det han har garantert for. Det er reine gratispengar av di styret i Norwegian ikkje har makta å styra butikken til fordel for vanlege aksjonærar. 

Powered by Labrador CMS