Vikingane.
Vikingane. (Bilde: Glenn Meling/Finn Erik Johannessen)

NRK punger ut 15 millionar kroner for ny Vikingane-sesong

NRK og Netflix går saman om å produsere tredje sesong av «Vikingane». Den norske statskanalen tar likevel største del av rekninga.

Når tredje sesong av «Vikingane» kjem, er det etter samarbeid med NRK og Netflix, melder NRK.

Sesongen har eit totalbudsjett på 27 millionar kroner. Heile 15 millionar av dei blir betalt av NRK.

– Det høyrast kanskje ikkje heilt rettferdig ut med tanke på kva partane får, men det er det me må stelle oss til, seier Jonas Torgersen i Viafilm

Ifølgje NRK betalar dei meir for å halda på eigarskapen til serien etter at Netflix har vist den.

– Me er eit innkjøp. Ikkje ein originalproduksjon av typen «Netflix Original», seier redaksjonssjef Christina Rezk Resar i NRK Underholdning til NRK.

Til toppen