Generalsekretær Arne Jensen i Norsk Redaktørforening.
Generalsekretær Arne Jensen i Norsk Redaktørforening. (Foto: M24TV)

– Om du tykkjer det var pinleg å bli fotografert på veg inn til den festen, har du eit problem

Generalsekretær i Norsk Redaktørforening, Arne Jensen, med klar beskjed på debatt om tette bindingar mellom journalistar og politikarar fredag.

Den siste tids debatt om pølser og politikk og tette bindingar mellom politikarar og journalistar var tema då Medier24 arrangerte frukostmøte fredag morgon.

I panelet var:

  • Mats Rønning, politisk journalist i Dagbladet og leiar av presselosjen
  • Kyrre Nakkim, programredaktør i NRK Nyheter
  • Lotte Grepp Knutsen, kommunikasjonsrådgjevar i kommunikasjonsbyrået Apeland
  • Esther Moe, ansvarleg redaktør i Suldalsposten

– Er det slik at du går i privat bursdag og gjer revolverintervju med same kjelder same dag? var ordstyrar Erik Waatland sitt første spørsmål til Mats Rønning i Dagbladet.

Ordstyrar og redaktør i Medier24, Erik Waatland, politisk journalist i Dagbladet og leiar av presselosjen, Mats Rønning, programredaktør i NRK Nyheter, Kyrre Nakkim, rådgjevar i kommunikasjonsbyrået Apeland, Lotte Grepp Knutsen, og ansvarleg redaktør i Suldalsposten, Esther Moe. Foto: Ole Alexander Saue

– Nei, det er ikkje slik det fungerer – når du seier privat bursdag. Politiske journalistar har høgt medvit om desse tinga, svarte han.

– Det er eit tett og tillitsfullt forhold mellom journalistar og politikarar. Det er positivt. Utanfor landets grenser er det mangel på slikt. Når me er ute og reiser opplever me ein heilt annan tilgang til politikarar, sa han vidare.

 

– Viktigast er openheit

Lotte Grepp Knutsen i kommunikasjonsbyrået Apeland er tidlegare statssekretær for Arbeidarpartiet, og kom med sine synspunkt frå eit politikar sitt perspektiv.

– Då eg kom inn i politikken var det som ei slags openberring. Eg møtte ein måte å jobbe med politisk journalistikk på som overraska meg positivt. Grundig, skikkeleg og med vilje til å forstå og setje seg inn i politiske problemstillingar på regjeringsnivå, sa ho innleiingsvis.

Politisk journalist i Dagbladet og leiar av presselosjen, Mats Rønning. Til høgre er programredaktør i NRK Nyheter, Kyrre Nakkim.
Politisk journalist i Dagbladet og leiar av presselosjen, Mats Rønning. Til høgre er programredaktør i NRK Nyheter, Kyrre Nakkim. Foto: Ole Alexander Saue

Eit viktig bodskap frå NRK-redaktør Kyrre Nakkim var at det føregår kontinuerleg diskusjon internt om kva som er akseptable bindingar og ikkje.

– Det viktigaste er openheit. Journalistane rapporterer kvar dei skal og kven dei pratar med. Me har situasjonar der relasjonar er nære og journalistane ikkje lenger har ein profesjonell relasjon. Då held ein kjeldeavstand. Eg som redaktør har òg tillit ned til reporterane, sa han.

 

 – Gjer meir kritisk journalistikk på media

Grepp Knutsen ynskjer likevel å høyre meir om desse diskusjonane i det offentlege rom, slik at ein får innblikk i korleis redaksjonane jobbar.

Lotte Grepp Knutsen, kommunikasjonsrådgjevar i Apeland Kommunikasjon.
Lotte Grepp Knutsen, rådgjevar i kommunikasjonsbyrået Apeland. Foto: Ole Alexander Saue

– Me veit for lite om korleis politisk journalistikk går føre seg. Om de tar diskusjonen i redaksjonen, få det ut. Eg vil vite korleis de tenkjer, sa ho.

Vidare i debatten kom ho med endå eit spark:

– Er det ein ting eg tykkjer media er dårlege på, så er det å gjera kritisk journalistikk på kvarandre.

Ansvarleg redaktør i Suldalsposten, Esther Moe, meiner det er irrelevant korleis ein sjølv opplever inhabilitet – så lenge lesarane ikkje får same inntrykk.

– Det etterlatne inntrykket som festar seg er det som definerer oss, sa ho.

Ansvarleg redaktør i Suldalsposten, Esther Moe.
Ansvarleg redaktør i Suldalsposten, Esther Moe. Foto: Ole Alexander Saue

– Problemet er at me må ta ansvar for makta me representerer. Me har eit privilegium, definisjonsmakt, og me må tenkje gjennom korleis ein lever. Ein må bry oss om kva lesaren tenkjer om ein er der ein er, og om ein har eit forklaringsproblem, seier ho.

 

– Hald journalisthatten på

Avslutningsvis var det opna for spørsmål frå salen. Det nytta generalsekretær i Norsk Redaktørforening, Arne Jensen, seg av.

– Pølsefest-diskusjonen handlar om kva rolle du har der du er. Eg har sagt nei til potensielle vennskap, i rolla som journalist, fordi eg såg potensielle problem med det. Når du får ein invitasjon, må du spørje deg sjølv kvifor du vert invitert dit. Blir eg invitert som journalist, må eg halda journalisthatten på. Ikkje for å referere alt som skjer der, men fordi det er min funksjon. Òg når eg snakkar uformelt, sa han, og haldt fram:

– Er eg invitert som ven, oppstår eit anna problem. Kan eg då gå ut frå festen og behandle den same personen journalistisk? Det er utfordringa. Det tykkjer eg ikkje er så enkelt.

Avslutningsvis kom Jensen med ein klar beskjed:

– Om du tykkjer det var pinleg å bli fotografert på veg inn til den festen, har du eit problem, sa han, og refererte til Nettavisen sin artikkel med bilete frå bursdagsfesten til tidlegare Dagens Næringsliv-journalist Kristian Skard og kjærasten Hadia Tajik (Ap).

Erik Stephansen i Nettavisen. Foto: M24TV

På festen var ei rekkje profilerte journalistar, politikarar og kommunikasjonsrådgjevarar invitert.

Nyheitsredaktør i Nettavisen, Erik Stephansen, tok òg ordet, og vart tidleg med å stadfeste:

– Me kan forsikre om at det var veldig mange som tykte det var pinleg å bli fotografert på veg inn til den festen.

Til toppen