Styreleiar Torry Pedersen og konsernsjef Per Axel Koch i Polaris Media.
Styreleiar Torry Pedersen og konsernsjef Per Axel Koch i Polaris Media. (Erik Waatland)

Polaris Media droppar planlagd utbyte på 90 millionar kroner

Lokalaviskonsernet opplever markant fall i annonseinntektene.

Korrigering: I første versjon av saka sto det at utbytet er på 85 millionar kroner. Det riktige er 90 millionar kroner.

Styret i Polaris Media har i styremøte tysdag vedteke å kansellera det tidlegare føreslåtte utbytet for 2019 på NOK 1,84 per aksje, skriv dei i ei børsmelding.

Det totale utbytet ville utgjort om lag 90 millionar kroner. Styreleiar Torry Pedersen uttalte til Medier24 alt for to veker sidan at det ville bli naturleg å diskutera utbytet på styremøtet tysdag.

Avgjersla skal formelt behandlast i generalforsamling den 5. mai.

«Beslutningen er tatt på bakgrunn av usikkerheten som COVID-19-pandemien har skapt. Det redaksjonelle arbeidet i denne situasjonen er svært viktig i og for samfunnet, og den store oppslutningen fra brukerne viser dette til fulle. Vi opplever større bruk av våre digitale tjenester og økninger innen abonnement», skriv konsernet.

Konsernet eig aviser som Adresseavisen, iTromsø, Sunnmørsposten, Romsdals Budstikke, Fædrelandsvennen i tillegg til ei rekkje andre mindre lokalaviser, trykkeri- og distribusjonsselskap.

Vidare presierer dei:

«Samtidig har vi opplevd et markant fall i annonseinntekter. Dette er et speilbilde av den økonomiske usikkerheten norsk næringsliv står i. Denne usikkerheten gjør det vanskelig å forutsi utviklingen den nærmeste tiden. Selskapet vil komme tilbake med mer informasjon ved fremleggelse av 1. kvartals rapport.»

Konserntillitsvald Rune Setsaas i Polaris Media sa til Medier24 at han håpa konsernet landa på nettopp denne avgjersla – i kjølvatnet av at SalMar og Atea hadde gjort det same.

– Eg meiner dei sender eit riktig signal til andre bedrifter når det gjeld å bidra i denne ekstraordinære situasjonen, sa han til Medier24.

Vidare la han til:

– Dette er eit viktig signal frå eigarane, så eg ynskjer sjølvsagt at eigarane i Polaris Meia også gjer det same.

Medier24 har tidlegare omtalt at konsernet må permittera tilsette som følgje av den økonomiske situasjonen.

– Det er dramatisk det som skjer, sa Koch 19 mars.

– Annonseinntektene fell veldig mykje. Når samfunnet er stengt ned, er det klart det blir mykje mindre annonsering. No er spørsmålet kor mykje, sa han vidare.

Til toppen