Politisk redaktør Skjalg Fjellheim i Nordlys
Politisk redaktør Skjalg Fjellheim i Nordlys (Bilde: Erik Waatland)

Redaktør ut mot VG: – Gjer metoo-kampanjen ein bjørneteneste

Sterkt kritisk til avisas Trond Giske-dekning.

VGs sak om ei bekymringsmelding mot Trond Giske (Ap) førre veke har skapt stor debatt kring avisas dekning.

Blant dei som har kritisert VG er Skjalg Fjellheim i Nordlys, Mari Skurdal i Klassekampen og Medier24-redaktør Erik Waatland. Måndag var dekninga debatt i Dagsnytt 18 på NRK, og Fjellheim var invitert – saman med VG-redaktør Gard Steiro og Dagsavisen-kommentator Hege Ulstein.

 

– Pinleg

– Dette viser at kven som helst kan spasere inn i VGs redaksjon, skrike om varsling, sende ei bekymringsmelding til Arbeidarpartiets leiing, og få tilgang til VG sine distrubisjonsplattformer og 2,5 millionar lesarar, sa Fjellheim i debatten.

Vidare sa han:

– Dette er ikkje ei metoo-sak, slik VG rammar det inn som. Det er det som er problemet her, at VG set tonen med denne saka ved å etablere eit narrativ om at det etterlatne inntrykket er at Trond Giske har vore påtrengande overfor ei ung kvinne, noko som ikkje viser seg å stemme i ettertid.

Fjellheim, som er politisk redaktør i Nordlys, meiner VG gjer metoo-kampanjen ein «bjørneteneste».

Administrerande og ansvarleg redaktør i VG, Gard Steiro. Foto: Fredrik Hagen / NTB Scanpix

– Det er pinleg at VG klarer å køyre denne saka innanfor rammene av ei metoo-sak. Det gjer ein viktig metoo-kampanjen ein bjørneteneste når ein reduserer varsling om seksuell trakassering til denne type saker.

 

– Veldig alvorleg

Steiro gjentok mykje av det han i intervju med Medier24 måndag føremiddag, og sa mellom anna:

– Dette er ei sak (for VG, journ. anm.), og så står eg ved at VG kunne gjort ein betre jobb i første fase av denne saka. Det kom inn opplysningar som var relevant å få inn i saka. Me burde fått med meir av omstendet ute på denne utestaden. At kvinna gjekk bort til Giske sjølv hadde vore relevant å få med.

Hege Ulstein meiner Fjellheim undergrev metoo-debatten med fråsegna sine.

Journalist Hege Ulstein frå Dagsavisen. Bilete frå 2011. Foto: Berit Roald / Scanpix

– Eg tykkjer det er veldig alvorleg det Fjellheim seier om moralisme. Metoo handlar om å ta kvinner og varslingar på alvor. Ikkje bagatellisere, kalle varslingar for rykte og kritisk journalistikk for dyneløfting, men å lytte til dei som vert utsett for maktovergrep og seksuell trakassering, sa Ulstein.

Til toppen