Sarah Willand og Jannicke Kjeilen Dyrøy.

Sarah Willand og Jannicke K. Dyrøy får meir tillit i TV 2-systemet

– Eg tenkjer det er riktig å få inn ein breiare representasjon i styra våre, seier TV2s Sarah Willand til Medier24.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

TV 2 har nyleg hatt generalforsamling i ei rekkje ulike dotterselskap, og gjort endringar på styrenivå i fleire av dei.

Det medfører mellom anna at Sarah C.J. Willand vert styreleiar i Screen Media, medan Randi Gustad kjem inn som medlem.

Jannicke Kjeilen Dyrøy, i Broom, vert styreleiar i både Broom.no og nyoppretta Broommarked. 

– Det er veldig stas. Eg er veldig takksam for den tilliten. Eg har vore med i styret i nokre år no, så eg har fått god input og gode røynsler frå tidlegare styreleiarar, seier Kjeilen Dyrøy til Medier24.

Ho tek over som styreleiar etter Øivind Johannessen.

I tillegg er ansvarleg for kommunikasjon og myndighetskontakt i TV 2, Sissel Kruse Larsen, valt inn i TV 2 Skole-styret, medan Willand òg trer inn i Vimond Media-styret.

Kathinka Martinsen er valt inn som styremedlem i Publish Lab, som er eit fellesføretak mellom TV 2 og Dagbladet. I tillegg er Hege Marie Kallestad valt inn i Wolftech-styret.

OBS: Medier24 orsakar at me først skreiv at Sissel Kruse Larsen var vald inn i TV 2-styret. Det er ikkje rett, ho er valt inn i TV 2 Skole-styret. Me hadde òg skrive at Hege Martinsen var valt inn i styret til Wolftech. Det er ikkje rett. Rett namn på det nye styremedlemmet er Hege Kallestad.

 

Ny styreleiar: – Ikkje så oppteken av kjønn

Kjetil Nilsen, strategidirektør i TV 2.

Strategidirektør i TV 2, Kjetil Nilsen, fortel til Medier24 at kvinnerepresentasjon er viktig for organisasjonen.

– Dette er noko me bevisst har forsøkt å få til over ei stund, men no måtte me gjere ein del endringar og justere enno meir, seier han.

– Å få inn fleire kvinner er ei målsetjing for oss, legg han til.

Kjeilen Dyrøy verkar ikkje å vere like oppteken av kjønn.

– Eg tykkjer det er veldig fint med fleire kvinner, men eg er oppteken av at dei satsar på flinke folk. Eg er ikkje så oppteken av kjønn, seier ho.

Organisasjons- og kommunikasjonsdirektør i TV 2, Sarah C.J. Willand, ser fram til nye oppgåver som styreleiar.

– Det er spanande, og utfordrande å ta på seg ei slik oppgåve. Det er aller mest spanande. Screen Media er inne i ei positiv utvikling, og det vert gøy å det vidare, seier ho til Medier24.

Ho har sete i styret det siste året.

– Kva som er dei største utfordringane er for tidleg å seie, legg ho til.

 

– Byggje forståing for TV 2

Willand er positiv til å få fleire kvinner inn i styra, men påpeiker at det ikkje har vore kvotering.

No håpar ho at styreverva kan vere ein god arena for å byggje leiarar.

– Eg tenkjer det er riktig å få inn ein breiare representasjon i styra våre. Det har vore inngangen til endringane me har gjort. Me ville få ein breiare representasjon, når det gjeld både korleis me set riktig og relevant kompetanse inn i styrene, og så er det òg ei større bevisstheit om at me skal ha fleire ulike representantar frå TV 2, i staden for at det er enkeltpersonar som vert attbrukt, seier ho.

– Me har vore veldig bevisst på kjønnssamansetjing. Både kompetanse og kjønn er viktig, og det har ikkje vore kvotering. Dyktige folk med relevant kompetanse. Me trur òg at styreverv er ein god leiingsarena for å byggje ei større forståing for TV 2 si forretningsportefølje, legg Willand til.

Olav Terjeson Sandnes, direktør i TV 2, under Arendalsuka.

 

To av ti i leiargruppa er kvinner

Per i dag består TV 2 si leiargruppe av åtte menn og to kvinner. Administrerande direktør i TV 2, Olav T. Sandnes, har tidlegare vore ærleg på at han ikkje er nøgd med kjønnsbalansen.

– Eg har to kvinner i mi leiargruppe, Karianne Solbrække og Sarah Willand, og det er for dårleg. Eg har for få kvinner i mi leiargruppe, sa han til Medier24 i eit langt intervju under Arendalsuka.

– Kvifor har du det då?

– Tidleg i mitt virke har eg ikkje vore bevisst nok på det å komponere eit mangfald i leiargruppa mi. Det tek eg sjølvkritikk på og ynskjer å forbetra.

Powered by Labrador CMS