Nord universitet i Steinkjer.

Usemje om medieutdanningane i Steinkjer: Går mot nullopptak i 2019

Dei tilsette ved medielinjene på Nord universitet i Steinkjer meiner kompetansen er på plass. Dekan Hanne Thommessen viser til rapport som seier det motsette.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Det er Trønder-Avisa som torsdag skriv at det går mot inntaksstopp ved medielinjene på Nord universitet i Steinkjer.

Dei tilsette meiner det er nok kompetanse til å behalda studietilbodet, medan dekan Hanne Thommesen meiner det ikkje er grunnlag for å halda fram.

– Eg har ikkje teke ei avgjerd fordi eg ynskjer å diskutere saka i styret. No skal eg ta ein runde med vurderingar, og fatte ei avgjerd. Det er overvegande sannsynleg at det blir nullopptak, seier fungerande rektor Hanne Solheim Hansen til Trønder-Avisa.

Dekan Thommessen ynskjer ikkje å ta opp nye studentar ved dei tre medielinjene som følgje av mangel på formell kompetanse, som vert stilt av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (NOKUT).

Solheim Hansen antydar at saka vil avgjerast innan ei veke.

Powered by Labrador CMS